Ambisjonane no strekkjer seg ikkje eingong til å fullføra inter-city-nettet rundt Oslo. Og samferdslepolitikarane på Stortinget synest vera samde om at nærtrafikken frå Oslo til Hønefoss, Hamar og Halden og Skien må vera oppe og gå før det vert aktuelt å byggja høgfartsbaner utover i landet. Altså godt og vel etter 2020.

– Det er viktig at vi fullfører det som er planlagt. Så kan vi gå vidare med høgfart, seier Irene Johansen, som er medlem av Transport— og kommunikasjonskomiteen på Stortinget for Arbeidarpartiet. Johansen representerer Østfold.

Øyvind Halleraker representerer Høgre og kjem frå motsett kant av landet. Hans draum er lyntog mellom Bergen, Stavanger, Kristiansand og Oslo.

Halleraker klorar seg framleis fast til draumen.

– 200 milliardar kroner over 10 år skremmer ikkje meg, seier han, og legg til:

– Sjølvsagt må inter-city-banene byggjast ferdige. Og eg er glad for at samferdsleministeren har stadfesta at desse banene skal byggjast for 200 kilometer i timen, seier Halleraker.

Mindre til investering

Johansen og Halleraker deltok torsdag på Jernbaneforum 08, ein konferanse som samla alt som tenkjast kan av fagfolk på jernbane frå heile landet. Og sjølvsagt var samferdslepolitikarar frå Stortinget sentrale. Dei sit på pengesekken.

Sekken er både vid og djup, og heilt full, men ein overoppheta økonomi og omsynet til budsjettbalansen legg ein dempar på investeringslysta.

Ikkje eingong inter-city-banene rundt Oslo kan fullførast innan 2020, om vi legg til grunn forslaget til Nasjonal Transportplan.

– Planen føreset 16 milliardar kroner kvart år til investering i perioden 2010–2019. Det er ein nedgang frå 24 milliardar i høve til perioden vi er inne i no, seier jernbanedirektør Steinar Killi.

– Og sjølv med 20 prosent opp, som er alternativet i Nasjonal Transportplan, så rekk det berre til 60 prosent av utbygginga mellom Oslo og Ski, sukkar Irene Johansen.

Ingen garanti

Det kom fram under konferansen at 1,6 milliardar kroner i året måtte aukast til mellom 3 og 4 milliardar for å fullføra inter-city-nettet rundt Oslo innan 2020. Under paneldiskusjonen fekk både Johansen og Halleraker og dei andre samferdslepolitikarane, Borghild Tenden (V), Bård Hoksrud (Frp) og Hallgeir Langeland (SV), spørsmål frå jernbanefolket om dei ville garantera dette.

Den garantien kom ikkje. Men vinteren 2009, når Stortinget har siste ordet i utforminga av Nasjonal Transportplan fram til 2020, er det mange som trur at det vert påplussingar både her og der. For då er det berre eit halvt år til valet.

Bompengar til jernbane?

Men Irene Johansen understrekar at det er viktig å halda seg innanfor handlingsregelen. Samstundes legg ho til at det i Arbeidarpartiet no vert jobba intenst med å finna andre alternativ for finansiering. Og ho presiserer at offentleg-privat samarbeid (OPS) ikkje er skrinlagt av Arbeidarpartiet.

– Vi spør oss også om det ikkje ville vera rett å bruka ein større del av avkastinga frå oljefondet til samferdsel. Nettopp det var den opphavlege tanken med desse pengane, at dei skulle brukast til å byggja infrastruktur.

Ein annan tanke dei arbeider med, er bruk av bompengar til jernbane.

– Vi kan tenkja oss at bompengeinntekter gjekk til eit samla transporttilbod i ein korridor, seier Irene Johansen.

Som landets største parti har Arbeidarpartiet ein nøkkelrolle også i denne saka. Johansen reknar med at partiet vil formulera sine forslag i alle fall innan handsaminga av Nasjonal Transportplan våren 2009.

  • Kva synest du om høgfartsbane? Diskutér saka her!
GRENSER: Høgre og Arbeidarpartiet, her representert ved Øyvind Halleraker og Irene Johansen, brenn etter å gjera eit krafttak for å betra norsk samferdsle. Samstundes er partia deira garantistar for handlingsregelen, som sit grenser for pengebruken, sjølv om pengane finst i overflod.
Bjelland, Håvard