Dette går fram av opplysningar som forsvarsminister Kristin Krohn Devold (H) i går overleverte til Kontrollkomiteen på Stortinget. Komiteen granskar salet av ein av desse eigedomane, Lista flystasjon. Her fekk kjøparen overta det 5000 mål store området pluss bygningar, og fekk 11 millionar med på kjøpet, som «nistepakke».

Kontrollkomiteen stilte for 14 dagar sidan spørsmål til forsvarsministeren mellom anna om bruken av advokatfirmaet Steenstrup Stordrange. Tre av dei sentrale partnarane i firmaet har ei fortid som sentrale Høgrepolitikarar: Morten Steenstrup, Bjørn Stordrange og Harald Ellefsen. Steenstrup og Ellefsen har vore valte stortingsrepresentanter, Stordrange har møtt som vararepresentant på Stortinget, medan både Steenstrup og Stordrange har vore statssekretærar.

I fjor fekk dåverande næringsminister Ansgar Gabrielsen (H) klar kritikk då det vart avdekt at departementet hans hadde engasjert advokatfirmaet Steenstrup Stordrange i strid med tilbodsreglementet.

I svaret frå forsvarsministeren nå kjem det fram at advokatfirmaet Steenstrup Stordrange har vore engasjert av Forsvarsbygg ved salet av 15 ulike forsvarseigedomar. I perioden januar 2003 til desember 2004 hadde Forsvarsbygg ein såkalla rammeavtale med advokatfirmaet om advokatoppdrag.

— På den måten slapp ein offentleg utlysing av oppdrag etter at rammeavtalen var inngått etter offentleg utlysing. Avtalen opna for å få kjøpt tenester raskt, når behovet oppsto, opplyser informasjonssjef Hilde Barstad i Forsvarsbygg til Bergens Tidende.