Ideen er gammal, og har oppteke sju nobelprisvinnande økonomar. I Noreg er det berre Venstre som vil innføre ei garantert minsteinntekt for alle borgarar. Ei borgarlønn.

I eit innspel til regjeringas arbeid med fattigdomspolitikken peikar forskarar ved Senter for studium av fattigdom, minstesikring og sosial integrasjon (Fami) og Gruppe for inkluderende velferd (GIV) på at ei slik borgarlønn kunne ha fjerna fattigdommen i Noreg på eit blunk.

I alle fall så lenge staten definerer fattige som dei med ei inntekt under 50 eller 60 prosent av medianinntekta i samfunnet.

— Ein vil då kunne garantera alle inntekt over ei fattigdomsgrense og såleis teknisk sett avskaffe fattigdom. Men ein gjer ikkje noko med årsakene til fattigdom, seier Tone Fløtten, som er ein av forfattarane av notatet «En nullvisjon i kampen mot fattigdom: Strategier og tiltak».

FORSKAR NANNA KILDAL ved Rokkansenteret i Bergen er ein av dei som meiner borgarlønn er ein god idé.

— Du unngår trygdefella, der du blir avhengig av velferdssystemet. Og unngår det omfattande spelet som kontrollen av trygdeutbetalingane fører med seg. Dermed unngår du òg uverdig behandlinga av folk. I tillegg kan det føre til auka sysselsetjing blant usikre arbeidstakarar, fordi dei ikkje mister inntekta sjølv om dei prøvar seg i arbeidslivet.

— Over 320.000 får i dag uføretrygd. Er ikkje det ei slags borgarlønn?

— På eit vis kan du seie det. Minstepensjonen er 113.000 kroner, og borgarlønn òg måtte ligge der for å fungere. Men borgarlønn skal per definisjon vere for alle. Det er det som skremmer mange, at for eksempel den heimeverande kona til Røkke òg får det, seier Kildal.

MEN SJØLV OM HAN ved å innføre borgarlønn kunne oppfylt lovnaden i Soria Moria-erklæringa om å avskaffe fattigdom, avviser arbeid- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen blankt heile ideen:

— Eg meiner skal vere ein deal. Det skal vere rett og plikt. Det skal vere ein tosidigheit i det. Det å berre løyse problemet med å seie at no får du 100.000 eller 120.000 kroner, og så lykke til på ferda, det synest eg er eit dårleg forslag. Viss du respekterer folk har du også forventningar til dei.

Ifølgje Kildal er mykje av motstanden mot borgarlønn tufta i frykt for at folk då ikkje vil jobbe, at dei vil klare seg med borgarlønna og i staden for å arbeide drive med leik og moro.

Spesielt kan det blir vanskeleg å få folk til å ta lågt betalte lågstatusjobbar, fryktar kritikarane.

— Men det er mange grunnar til at folk jobbar, utover den økonomiske. Folk med høg sosial status har så sterke meiningar om kva som motiverer andre folk til å arbeide. Men folk kan ha mange grunnar til å arbeide. Ikkje minst vil kjensla av å gjere noe nyttig, å vere ein deltakar i samfunnet, kan vere ein sterk motivasjon for mange. Det håplause i dagens debatt om forholdet mellom arbeid og velferd er nettopp at folk sine motiv for å arbeide blir redusert til ein: Den økonomiske, seier ho.

LIKEVEL ER BORGARLØNN politisk vanskeleg å innføre, fordi resten av borgarane, dei som jobbar, vil meine det er urettvist at folk får pengar for ingenting. Deira skattepengar.

Eit siste moment er at det blir dyrt. Det treng det ikkje å bli, meiner dei som forsvarar borgarlønn. For borgarlønn vil fjerne ei rekkje utgifter det offentlege har i dag, til sosialhjelp, uføretrygd og rehabilitering. Dessutan kan ein fjerne mykje av byråkratiet desse ordningane krev.

Det siste var hovudårsaka til at òg Ronald Reagan og Margaret Thatchers favorittøkonom Milton Friedman støtta ideen om ei borgarlønn.

Det finst ei rekkje ulike modellar for borgarlønn. Friedman gjekk inn for negativ inntektsskatt: Alle som tener under eit visst nivå får eit tillegg frå staten, medan dei som tener over betalar skatt.