– I samband med Nasjonal Transportplan våren 2009 bør Stortinget vedta at det skal satsast på lyntog i Sør-Noreg, seier Irene Johansen, som representerer Arbeidarpartiet i Stortingets transportkomité.

– Det er akkurat det vi meiner og, seier Høgre sin talsmann, Øyvind Halleraker.

Begge seier dermed at eit slikt vedtak vil kome.

Så beintfram er det ikkje uttrykt i Transportkomiteen si innstilling om saka, som vart kjend i går. Men fleirtalet, alle unnateke Framstegspartiet, bed om ei utgreiing som kan gje dei eit solid grunnlag «for å vurdere en eventuell satsing på høyhastighetsbaner i behandlingen av NTP i 2009».

– Vi kan nesten få inntrykk av at prisen på høgfartsbanen ikkje spelar nokon rolle?

– Det stemmer ikkje. Men ingen trur på dei kostnadene som kom fram i utgreiinga frå ekspertane rundt den tyske VWI-gruppa, seier Øyvind Halleraker.

Eiga finansiering

– Vi har sett litt i det siste på andre nordiske høgfartsprosjekt. Og dei syner eit heilt anna kostnadsbilete. Men dette vil vi sjølvsagt sjå grundig på, seier Irene Johansen.

Ho opplyser at det no foregår eit arbeid innad i Arbeidarpartiet med å greia ut korleis store samferdsleprosjekt best kan finansierast.

– Dei tyske ekspertane i VWI-gruppa understreka kor viktig det var å gjennomføra store prosjekt frå start til avslutning utan stopp. Då held det ikkje med årlege løyvingar frå statsbudsjettet. Høgfartsbaner krev ein eigen finansieringsmodell.

Bompengar for lyntog?

I eit internt arbeidsnotat om dette i Arbeidarpartiet på Stortinget vert det peika på at utbygging av jernbane og hamner har dårlegare finansieringsløysingar enn veg— og flytransport.

Veg vert finansiert med bompengar, forskottering og tilskot. Avinor kan ta opp lån tilsvarande inntil 40 prosent av eigenkapitalen, vert det nemnt i arbeidsnotatet.

Ulike finansieringsalternativ for jernbane vert lista opp:

  • Forskottering
  • Inntekter frå bompengeringar
  • Egen post på statsbudsjettet for svært store samferdsleprosjekt
  • Prosjektfinansiering med låneopptak, som i Sverige
  • Gjera det mogleg for Jernbaneverket å låna pengar

– I dei komande utgreiingane er det viktig å få fram kva verknader høgfartsbane kan få for samfunnsutviklinga i dei landsdelane som vert rørt ved. Kva verknader kan vi venta av kortare reisetider? Korleis kan det slå ut på arbeidsmarknadene og på presset i byområda? Det er ting som dette vi må drøfta i tida som kjem, seier Irene Johansen.

Bergens Tidende