VIDAR YSTAD

Men den tredje samarbeidspartnaren som skal sikre ei fleirtalsregjering om valresultatet blir slik dei vonar, Senterpartiet, var ikkje invitert.

— Etter 12. september 2005 feier vi dei fagforeiningsfiendtlege politikarane ut av regjeringskontora, proklamerte LO-leiar Gerd Liv Valla til stormande applaus frå landsmøtet i Handel og Kontor.

Den lange valkampen

— Kursen som den høgreorienterte regjeringa fylgjer, er feil. Dersom dei får halde fram i endå fire år, får vi endå fleire usosiale tiltak, kunngjorde Ap-leiar Jens Stoltenberg.

— Vi har starta den lange valkampen, forkynte SV-leiar Kristin Halvorsen. Ho opplyste at ho hadde iførd seg det raudaste plagget ho hadde «som eit symbol overfor Erna Solberg og Dagfinn Høybråten».

LO, Ap og SV går nå til samla åtak på fleire framlegg frå pensjonskommisjonen og arbeidslivslovutvalet.

Dei stemplar fleire av framlegga frå arbeidslivslovutvalet som usosiale og eigna til å forverre arbeidsvilkåra i norsk arbeidsliv.

«Usosialt» av Ap-folk

Og når det gjeld pensjonskommisjonen sine framlegg, går dei spesielt hardt imot framlegget om å avskaffe ordninga med avtalefesta pensjon. Ein del av endringsframlegga blir også stempla som kvinnefiendtlege.

Noko spesielt er det difor at pensjonskommisjonen, som var samrøystes på dette punktet, vart leia av tidlegare finansminister Sigbjørn Johnsen frå Ap. Han hadde med seg partifellene Hill-Marta Solberg, som er nestleiar i Ap under Jens Stoltenberg, og leiaren i Akershus Ap, tidlegare stortingsrepresentant Sverre Myrli.

Arbeidslivslovutvalet vart leia av tidlegare statssekretær i Justisdepartementet for Ap, Ingeborg Moen Borgerud. Eit av dei øvrige medlemene var Ivar Leveraas. Han er tidlegare partisekretær i Ap og nå direktør for Direktoratet for Arbeidstilsynet.

Fleirtalet i utvalet gjekk både inn for å opne for meir bruk av midlertidige stillingar og utvida bruk av overtid og lengre arbeidsdagar.

Tragisk for Ap og LO

Dette er stikk i strid med arbeidstakarorganisasjonane sine ynskjer og interesser. Organisasjonane meiner det fører til eit hardare arbeidsliv og mindre tryggleik for arbeidstakarane.

Det tragiske for Ap og LO var at det var Stoltenberg-regjeringa som oppnemnde arbeidslivslovutvalet etter eit sterkt ynskje frå LO. Dei såg for seg eit heilt anne resultat enn det som kom ut av lovutvalet sitt arbeid.

— Ikkje rør ordninga vår med tidlegpensjonering, som vi har kjempa fram gjennom mange år, kravde LO-leiar Gerd Liv Valla av Stoltenberg og Halvorsen.

Ho kravde også at ei ny regjering må nedlegge veto dersom det framlegget til tenestedirektiv som nå ligg på bordet i EU, blir vedteke.

Sprik

Dessutan kravde ho dobling av fagforeiningsfrådraget i skatteoppgjeret straks, og lengre farspermisjon.

Desse krava synleggjorde eit visst sprik mellom dei nye regjeringskameratane:

Kristin Halvorsen stilte seg bak alle desse krava. Stoltenberg ville ikkje love fullt så mykje. Han satsar på at tenestedirektivet ikkje blir vedteke i EU. I motsett fall vil det vere «ein kandidat» til å bli vurdert for veto, men lovnad om å bruke veto, ville han ikkje gje.

VIL HA SKIFTE: Jens Stoltenberg og Kristin Halvorsen (t.h.) stod saman med LO-leiar Gerd Liv Valla og hausta stormande applaus frå landsmøtet i Handel og Kontor i går. Men møtet synte også at det er sprik i oppfatningane mellom to av dei tre i trioen som no utfordrar den sitjande regjeringa.<p/> FOTO: SCANPIX