KJERSTI MJØR

Det er også lov å gje barnet dyrenamn som Ravn, Mår, Tiger og Jerv. Eller eit namn med positive assosiasjonar, som Lykke og Håp.

Dette er typiske eksempel på førenamn som er i strid med dagens namneskikk, men likevel fullt lovlege etter liberaliseringa av namnelova.

Med andre ord: Dersom du søkjer folkeregisteret om å få kalle dottera di eller sonen din for Power eller Mår, vil du mest sannsynleg få ja.

— Eg vil iallfall tilrå slike namn, seier namneforskar og rådgjevar for dei norske folkeregistra, Ivar Utne, til BT.

— Men sjølve avgjerda er opp til kvart enkelt folkeregister.

Nice og Pretty

I USA blir engelske ord ofte brukt som førenamn. Trenden har spreidd seg til andre land, også Noreg.

— Mange slike namn er registrerte også her i landet, og eg får stadig spørsmål frå foreldre om dei kan brukast, seier Utne, som arbeider ved Universitetet i Bergen.

Eit eksempel er gutenamnet Marshall. Berre fem nordmenn ber dette namnet, mens talet i nabolandet er over 40.

— Nettopp fordi Marshall er i bruk i Sverige, meiner eg at det også bør bli godkjent her, seier Utne.

Det gjeld også engelske ord som Star, Flower, Power, Nice, Pretty og Beauty. Gift ville derimot by på større problem.

— Da ville vi be foreldra om å tenkje seg om. Eit slikt namn ville vere ei vesentleg ulempe i Noreg, etter mitt syn, seier Utne, men legg til:

— Det ville likevel vere urimeleg å nekte, dersom det finst gode grunnar - for eksempel i engelsk namneskikk - til å velje eit slikt namn.

Varg og Orkide

Norske foreldre ser også til naturen når dei pønskar ut namn til barnet. Frå dyreriket kjem namn som Ulv, Varg og Tiger. Det siste er forresten gangbart for begge kjønn.

Blant fuglane finn vi namn som Ørn, Ravn, Lerke og Erla, og i planteriket Birk, Bjørk - og truleg også Orkide.

— Folk kan velje både dyr- og blomenamn, så sant dei ikkje kjem i konflikt med etternamn, forklarar Utne.

— Det betyr at du ikkje kan kalle barnet ditt Hjort, ettersom Hjort også er eit registrert etternamn i Noreg.

Sjønne og Kjærly

For foreldre som ser positivt på livet, kan namn som Lykke, Sjønne og Kjærly vere moglege kandidatar. Eller Håp.

— Håp kan brukast av begge kjønn inntil det eventuelt blir tatt i bruk berre av det eine, seier Utne til BT.

— Betyr dette at vi snart kan kalle ungane våre for kva som helst?

— Ikkje dersom namna gir assosiasjonar til sjukdom, kjønnsorgan eller andre negative uttrykk. For eksempel Angina eller Fy Fazan, seier Utne.

— Men sjølv om reglane er liberaliserte, og mykje går an, vel berre eit fåtal dei mest spesielle namna

Grensa for kva som er lov og ikkje, går blant anna ved namn som Kristus og Messias. Også det finske kvinnenamnet Kukka, det tyske Kuse og det balkanske Drita ville fått problem med å passere.

— Foreldre vil bli frårådd slike namn og bli forklart kvifor, men må sjølve få avgjere, seier Utne til BT.

(Kjelde: «Fornavn eller ikke fornavn - om bruk og godkjenning av uvante fornavn» av Ivar Utne. Artikkelen blir publisert i eit fagtidsskrift ved Nordisk institutt i Bergen i haust).