Talet på høgare offiserar auka frå 775 i 1995 til 1050 i 2004. Det utgjer ein vekst på heile 35 prosent. Dette skjedde trass i at talet på befalsstillingar i same periode vart redusert frå 13.000 til 11.400.

I 1995 var 1 av 17 militære stillingar såkalla leiande stillingar, oberstløytnant/kommandørkaptein eller høgare. I 2004 var 1 av 12 stillingar i forsvaret slike høge stillingar.

Utgifter — ikkje produktivt

Desse endringane har ikkje resultert i auka produktivitet men einsidig ført til auka utgifter, fastslo ein internrapport i Forsvarsdepartementet i fjor.

I løpet av dei siste fire åra er toppløna for desse stillingane gjennomgåande auka med 10 lønstrinn. Det framgår av materiale Bergens Tidende har fått utarbeidd i forsvarsstaben. Det kan utgjere så mykje som om lag 200.000 kroner i påslag på same stillingsnivå i løpet av fire år. Ved opprykk i nivå og tittel kan påslaget ha blitt endå høgare.

Til samanlikning fekk forsvarssjefen ein lønsauke frå 785.000 til 1.077.500 kroner frå 2000 til 2004. Det utgjorde 37 prosent.

Dei høge offisersstillingane omfattar general/admiral, brigader/flaggkommandør, oberst/kommandør og oberstløytnant/kommandørkaptein.

Det er auke for alle kategoriar så nær som på toppen, general/admiral. Der har det vore ein nedgang frå 37 til 29. I den andre enden, oberstløytnant/kommandørkaptein, har det derimot vore ein oppgang frå 564 til 830 som tilsvarar 47 prosent.

I mars i fjor var det heile 1004 oberstløytnantar/kommandørkapteinar. Det representerte ein auke på heile 78 prosent i denne kategorien sidan 1995. Med dette som grunnlag blir auken i talet på høgare offiserar 449 i perioden 1995-2004. Det utgjer heile 58 prosent. Denne ekstra auken kjem av at det er innførd ei ordning med midlertidige militære gradar.

I strid med planane

Den interne vurderinga i Forsvarsdepartementet er at lønskostnadene i Forsvaret har hatt ei anna utvikling enn reduksjonen i årsverk skulle tilseie. Og bemanningsreduksjonen i åra 1997 til 2003 har ikkje gjeve dei innsparingseffektane som Forsvarsdepartementet hadde rekna med. Tvert om er det slik at det i forsvarssektoren er kutta årsverk raskare enn ein har makta å kutte oppgåver. Gapet er blitt dekt med meir bruk av overtid, økonomisk kompensasjon og kjøp av eksterne tenester.

Den samla utbetalinga av regulativløn gjekk ned frå 5531 millionar kroner i 2000 til 5228 millionar i 2002, som utgjer 303 millionar. Men i same periode har dei variable tillegga auka om lag like mykje, med 299 millionar.

Forsvaret bruker to milliardar kroner årleg utanom faste lønsutgifter på variable tillegg. Det gjeld oppgåver som øvingar, vakt, fartøyteneste og overtid. I tillegg kjem kjøp av eksterne konsulenttenester for 350-400 millionar.

Forsvarsdepartementet har utarbeidd ein analyse som viser at dei variable kostnadene knytt til aktivitetar i Forsvaret, utgjorde 1,2 milliardar kroner i 2002. Det var nok til å løne 3700 årsverk for offiserar på kapteins nivå der grunnløna utgjorde 320.000 kroner, lønstrinn 45.

Lønsveksten

I 2000 var oberstløytnantar/kommandørkapteinar plassert i lønstrinn 46-60. Trinn 60 utgjorde 396.000 kroner.

I 2004 var dei same stillingane plassert i lønstrinn 48-70. Gjennomsnittet låg på lønstrinn 63 og gjennomsnittsløna på 450.000 kroner. Lønstrinn 70 utgjorde 507.500 kroner.

I 2000 var oberst/kommandør plassert i lønstrinn 49-65. Trinn 65 utgjorde 435.500 kroner. I 2004 er desse stillingane plassert i lønstrinn 53-75. Gjennomsnittet låg på lønstrinn 68 og snittløna var 493.000 kroner. Trinn 75 utgjorde 558.900 kroner.

Stillingane brigader/flaggkommandør var i 2000 plassert i lønstrinn 55-71. Det tilsvarte på topp, 490.000 kroner.

I 2004 var stillingane plassert i lønstrinn 56-80. Gjennomsnittet låg på lønstrinn 74 og snittløna var 555.000 kroner. På topp utgjorde det 648.300 kroner.

Generalmajor/kontreadmiral var i 2000 plassert i lønstrinn 60-75 som utgjorde kroner. På topp utgjorde løna 530.000 kroner.

I 2004 var stillingane plassert i lønstrinn 62-84. Gjennomsnittet låg på lønstrinn 80 og snittløna var 654.000 kroner. På topp utgjorde løna 728.300 kroner.