I to omgangar la Kvam herad ut tomteland til ei krone kvadratmeteren. Først i Strandebarm, seinare i Ålvik.

— Det kjem vi ikkje til å gjera igjen, seier næringssjef Jan Tjosås.

— Det var ikkje særleg vellukka. Alt i alt vart det bygd eit nytt hus. Husbyggjaren ville truleg bygd uansett.

Eidfjord tilbyr gratis tomter i øvre Eidfjord, tilskot på 200.000 kroner samt lån til bustadbyggjarar og tilskot på 50.000 kroner til oppussing av eldre hus til heilårsbustad.

— Vi har ei veldig positiv bustadutvikling no, seier rådmann Aud Opheim Lygre.

I Modalen kan du få deg billeg tomt til 140.000 kroner. Byggjer du bustadhus, får du 250.000 kroner i tilskot.

— I år er tre bustadprosjekt under bygging og planlegging, opplyser rådmann Øivind Olsnes.

Å leggja ut åte for tilflyttarar er utbreidd i distriktet.

— Norske kommunar brukar masse pengar på tilflyttingsarbeid, men vi veit lite om kva som verkar, seier Marit Aure, seniorforskar ved NORUT i Tromsø.

— For første gong skal ei rekkje tilflyttingstiltak evaluerast på oppdrag for Distriktssenteret. Aure er ein av forskarane som deltek i prosjektet saman med ideas2evidence. Ho ser slett ikkje bort frå at tiltak som gratis tomter og barnehageplassar og tilskot kan ha effekt.

— Ein kan jo også lure på om dette kan forstås som ei kompensasjonsordning, eit slags lokketilbod, for å få folk til å busetje seg på stader som ein ikkje oppfattar som så attraktive, seier Aure. Er det lurt?

— Men å bestemme seg for å flytte er ei kompleks avgjerd, som ofte handlar om mange faktorar. Om ein ved hjelp av slike tiltak kan få tak i framande som elles hadde flytta ein heilt annan plass, ville vera spennande å vite.