Faksen er framskaffa av Tønne-familien sin advokat etter oppmoding frå departementet. Samstundes har departementet med hjelp frå mellom andre Konkurransetilsynet, greidd å «rekonstruere» saksmappa i Aker-Kværner-saka. Saksmappa har i ei tid vore sporlaust borte i departementet.

Ville påverke

Faksen frå Tømme vart frigjeven av Norman, straks etter at han var motteken i departementet. Den handlar om kvifor det var så om å gjere å få overflytta behandling av fusjon mellom Kværner og Aker Maritime frå behandling i EU-organa til norsk behandling.

Poenget med overføring var å unngå EU-forbodet mot at Aker Kværner kunne treffe disposisjonar som innkalkulerte eit ja til fusjon. Etter EU-reglane måtte ein ha venta med slike disposisjonar i seks månadar, ifylgje notatet.

I notatet blir det dessutan leksa opp argument om kor problematisk det ville bli for Aker Kværner om ein ikkje fekk avklaring raskt, ikkje minst av omsyn til kreditorane.

«Kjære Victor»

Øvst på faksen står fylgjande påskrift: «Kjære Victor. Takk for samtalen i går. Vennligst les dette. Jeg ber innstendig om kontakt før du evt tar en beslutning. Vennlig hilsen Tore T.»

Saman med faksen var eit fylgjeskriv, forfatta av Tøre Tønne. Her heiter det mellom anna: «Vennligst bring vedlagte notat til Victor N. i regj. konf. Med vennlig hilsen Tore Tønne».

Dette indikerer at Tønne visste at Norman sat i regjeringskonferanse og at saka skulle opp der.

Faksen vart aldri lagt fram for fagavdelinga i departementet som behandla spørsmålet om overføring av saka.

Lynrask behandling

Same dag som Norman mottok faksen, underteikna han eit brev som vart sendt til advokatfirmaet BA-HR. Her opplyser han at han vil be EU-kommisjonen om å få overført behandling av dei konkurransemessige sidene av saka til nasjonal behandling.

7. desember hadde Norman hatt møte med BA-HR om saka, og BA-HR sendte 11. desember brev til departementet om saka.

Norman si avgjerd innebar ei overprøving av dei vurderingar og standpunkta som Konkurransetilsynet tre dagar tidlegare hadde gjort i saka. Tilsynet meinte EU burde halde fram med saka sidan ein alt var inne i den.

Skulle vore journalførd

Innhaldet i faksen gjer det sjølvinnlysande klart at faksen skulle ha vore journalførd straks han vart motteken i departementet 13. desember 2001. Innhaldet går strengt på ei sak som var til behandling i departementet.

— Det kan ikkje vere tvil om at dette er eit dokument i forvaltningslovas forstand og at det skulle ha vore journalførd. Det er sendt for å påverke statsråden sine vurderingar, og det er greitt nok. Men det skulle ha vore lagt inn i saksdokumenta og blitt kvalitetssikra på vanleg måte, seier professor i offentleg rett, Jan Fridtjof Bernt ved Universitetet i Bergen til Bergens Tidende.

— Dokumentet inneheld ei rad faktiske opplysningar om Kværner, om EU og korleis EU-systemet fungerer.

Fredag opplyste statsråd Norman til Bergens Tidende at han hadde kasta faksen han mottok frå Tønne. Han sa at han hadde oppfatta faksen som «privat og personleg» til seg sjølv, ikkje til statsråden.