OLAV GARVIKolav.garvik@bt.no Etter fem år som ordførar i Bergen ser Ljones verkeleg fram til å driva rikspolitikk. Han står på tredjeplass på stortingslista til valet i haust. Det skjedde mellom anna etter sterkt ønske frå sentral politikarar i Stortinget.Gjennom den timelange samtalen med Bergens Tidende er det ingen tvil om at han gler seg. Han ser ei viktig oppgåve både som storbytalsmann på Tinget, og som talsmann for regionen. I dag sit Ingmar Ljones ved dirigentbordet på KrF-landsmøtet i Stjørdal, og skal m.a. syta for at det nye partiprogrammet vert grundig handsama. Klubba vil dundra uavlateleg i bordet. Spontane innspel — Eg vil sakna dei spontane innspela frå bergensarane som eg får til dagleg, sukkar Ingmar Ljones.Han har aldri falle på tanken å skjerma seg med hemmeleg telefonnummer.Ljones fortel at han personleg har gode røynsler med Ap som samarbeidspartnar her i byen. Det har vore ryddig, pragmatisk og gitt gode resultat, meiner han.- Eg har sett stor pris på at Arbeidarpartiet på fleire område har ei pragmatisk haldning til private løysingar, legg han til. Ideologiske hindringar - Er det ikkje då snart på tide å prøva eit regjeringssamarbeid med Ap?- Nei, er det kontante svaret. Medan samarbeidet i Bergen er konkret og pragmatisk, er det store ideologiske hindringar på riksplanet.Ordføraren er spesielt irritert og vonbroten over Ap-politikarar som hamrar laus på privatskular og foreldrerett.- På den andre sida er det viktig at vi står fast på avtalar som alt er inngått med dei andre sentrumspartia om å skipa regjering att. Sentrumsalternativet er minst like aktuelt no som før valet i 1997, påstår han. - Har ikkje Senterpartiet skjemt seg ut i KrF-augo?Ingmar Ljones seier at han er vonbroten over Senterpartiet, men meiner at KrF likevel ikkje har noko val, fordi det alt er inngått ein forpliktande avtale. - Eg kjenner sakene - Ordførarar før deg har opplevt det som ein nedtur å bli stortingsrepresentant. Er du sikker på at rikspolitikken er din arena?- Det vert nok ein overgang, men eg er ikkje så redd for det. Eg kjenner mange av sakene, og eg kjenner saksgang og arbeidsmåten frå mange års kontakt med det sentrale styringsverket. Derfor gler eg meg til å ta fatt i til dømes Nasjonal transportplan, eldreomsorg, barnehagesatsing, skulespørsmål og kva det måtte vera. Eg er ingen sektorpolitikar, om nokon skulle tru det! Ny KrF-ordførar Ingmar Ljones gjer det rg klart at nokon strid om etterfølgjar i ordførarstolen er uaktuelt. Etter samarbeidsavtalen med dei andre partia er det ingen tvil om at ordføraren skal hentast frå KrF også dei neste par åra - dersom veljarane sender Ljones på Stortinget, forsikrar han.

Fakta/ landsmøtet * Kristeleg Folkeparti (KrF) har landsmøte i Stjørdal frå i dag til sundag. Viktigaste saker er å velja partileiing, og å vedta nytt partiprogram for komande stortingsperiode. * Valgerd Svarstad Haugland tek attval som leiar, og Einar Steensnæs og Odd Anders With som nestleiarar.* KrF satsar alt på å koma tilbake i regjeringsposisjon med Kjell Magne Bondevik som statsminister. Partiet har framleis like god oppslutning som ved valet i 1997, etter meiningsmålingane å døma.* I Hordaland er det gode utsikter til å få tre representantar, som sist.