Eit utbetringsprogram for livbåtane som til no har kosta nær 400 millionar kroner, og ein tilsvarande sum i tapte oljeinntekter, vil halda fram. Petroleumstilsynet er ikkje nøgd med oljeselskapa si oppfølging av nye krav.

Det kom fram då Sikkerhetsforumet i oljenæringa presenterte status for livbåtarbeidet torsdag.

— Evakueringssituasjonen på sokkelen er i dag mykje betre enn då programmet blei starta i 2005. Men vi lyt sjå nærare på lårelivbåtane og finna meir ut om kva livbåtar toler av slag mot skroget, seier Per Otto Selnes, fagsjef i Oljeindustriens Landsforening (OLF).

140 reparert Stuptestar på Veslefrikk-plattforma sommaren 2005 resulterte i alvorlege inntrykkingsskader i livbåtoverbygget på frittfallbåten.

Det var starten på eit omfattande reparasjon- og granskingsprogram som involverte både oljeselskap, tillitsvalde, livbåtprodusentar og styresmakter.

Først fekk 140 av i alt 212 frittfallbåtar forsterka overbygg. Norges Rederiforbund sette i verk eit prosjekt for lårelivbåtar, som det finst 59 av på norske flytande oljeinstallasjonar.

Tusenvis av modellforsøk og testar førte til at det i vår blei innført ein ny, norsk livbåtstandard som er verdas strengaste. Den tek høgde for at båtane ikkje påfører menneske skadelege g-krefter i stup, at dei har sterke nok motorar til å koma seg unna plattformer i krisesituasjonar, og at utsettingsarrangementa fungerer i all slags vêr.

- Mykje står att

— Det står att mykje arbeid for å få sett nye regelkrav ut i livet, seier Roy Erling Furre, fagforbundet SAFE sin representant i Sikkerhetsforum.

— Livbåtsituasjonen er i dag mykje betre enn i 2005. Men det er framleis usikre forhold og spørsmålsstillingar vi må arbeida vidare med, seier Magne Ognedal, direktør i Petroleumstilsynet og leiar av Sikkerhetsforum.

Sist vinter blei oljeproduksjonen innstilt ein periode på nokre plattformer som følgje av livbåtproblem. Ognedal har ikkje haldepunkt for å seia at det vil skje denne vinteren, men er skuffa over manglande oppfølging av nye regelkrav.