Vidar Ystad

Bergens Tidende har gjennomgått alle klagesakene som har vore behandla av Kongen i statsråd i perioden 1. juli 1994 til 1. oktober 2004.

I desse åra er 355 klagesaker lagt fram for Kongen i statsråd, eit snitt på rundt 35 i året. Toppåra var 1997 og 1998 med 54 og 55 klagesaker.

To fekk medhald

Berre to av dei 355 klagesakene har enda med medhald for klagaren. Fire har enda med delvis medhald. I resten av sakene vart det avslag.

Statsministerens kontor forklarar dette med at berre klagesaker som endar med avslag, rutinemessig blir behandla av Kongen i statsråd. Kontoret opplyser at klager i mange tilfelle endar med at vedtaket i eit departement blir omgjort, slik at klagaren får medhald. Men statsministerens kontor har ikkje tal som kan underbygge eller dokumentere korleis situasjonen faktisk er.

Det viser seg at heller ikkje departementa har oversiktar som kan dokumentere tilstanden: i kva grad departementa omgjer vedtak etter klage.

«Forsvinnande få»

Fleire departement opplyser derimot til Bergens Tidende at omgjering skjer i «forsvinnande få saker».

Det inneber at det ikkje er bryet verd å fremje klage i det heile.

Annleis er det med Nærings— og Handelsdepartementet. Departementet har undersøkt situasjonen for åra 2002 og 2003. Ifylgje departementet sine tal kom det i 2002 25 klager på vedtak i departementet. 17 av klagene resulterte i at departementet omgjorde sitt eige vedtak i departementet medan åtte vart avslege av Kongen i statsråd. I 2003 kom det 24 klager på vedtak i departementet. Også då vart 17 av vedtaka omgjort i departementet, medan sju vart avslege av Kongen i statsråd.

Nektar innsyn

Hovudgruppa av klagesaker som er behandla i statsråd gjeld avslag på krav om dokumentinnsyn. Heile 83 av sakene gjeld avslag på innsyn. Neste store gruppe av avslagssaker gjeld skulesaker, 50 totalt. I hovudsak er det snakk om avslag på søknad om å få godkjend ulike privatskular eller spesielle skuleopplegg.

Ei tredje stor gruppe saker er konsesjonssaker på landbrukseigedomar, 41 saker.

Departementsstrukturen og namna på departementa har vore endra mykje i tiårsperioden. Det departementet som i dag har namnet Utdannings- og forskingsdepartementet har hatt flest klagesaker i statsråd, 59 i heile perioden. Deretter fylgjer Nærings- og Handelsdepartementet med 45, Landbruksdepartementet med 41 og Justisdepartementet og Samferdsledepartementet, begge med 36.

Fleire departement poengterer at talet på klagesaker som kan ende i statsråd, vil gå ned som fylgje av organisasjonsendringar. Avgjerder som før låg i departementa, er flytta ut til direktorat. Det inneber at departementet, og ikkje Kongen blir klageinstans. Men for klager over vedtak om å nekte innsyn i dokument i departementa, vil Kongen framleis vere klageorgan.