Kommunen tok også eit kraftig oppgjer med Forsvarsbygg.

Saksordføraren for saka i Kontrollkomiteen på Stortinget, Kjell Engebretsen (Ap), seier til Bergens Tidende at han reknar med at det er behov for å stille fleire skriftlege spørsmål til fleire instansar på bakgrunn av det som kom fram under høyringa.

Avviser forsvarsministeren

Forsvarsministeren freista å gje inntrykk av at det har skjedd eit stemningsskifte i kommunen etter at den tidlegare Høgre-ordføraren fekk avløysing av ein ordførar frå Ap.

Dette avviser den tidlegare ordføraren, Ove Rullestad (H), bestemt overfor Bergens Tidende.

— Vi møtte veggen i forhandlingar med Skifte eigedom. Vi klaga til Forsvarsdepartementet utan at det hjelpte. Men det vart ny kontakt og forhandlingar med Skifte eigedom i 2002. Det vi ikkje vart informert om, var at Skifte eigedom dreiv eit dobbeltløp, forhandla med private interessentar samstundes med at dei forhandla med oss. Då vi i ettertid oppdaga det, følte vi at vi vart førd bak lyset, seier Rullestad.

Framstillinga frå forsvarsministeren blir også sterkt avvist av ordførar Margit Brøvig.

— Dokumentasjonen som vi kan legge på bordet, viser noko heilt anna. Den talar i grunnen for seg sjølv, seier Brøvig.

«Trylla vekk» takstar

I går vart statsråden og Forsvarsbygg bedne om å forklare prosedyrane for behandling av dei tre høgst sprikande takstane som er utarbeidd for verdien av den 5000 mål store eigedomen.

Den første taksten frå 1999 ligg på 237 millionar kroner. Ein seinare takst ligg på 65 millionar medan den siste taksten frå 2002, ligg på 11 millionar.

Forsvarsministeren sine talsmenn, administrerande direktør Frode Sjursen i Forsvarsbygg og tidlegare toppsjef i Skifte eigedom Sverre Tiltnes, hevda i går at det berre ligg føre ein takst, nemleg taksten på 11 millionar kroner. Dei andre beløpa er berre «prisvurdering» utførd av ein meklar.

Problemet for Forsvarsbygg og departementet er at både Forsvarsbygg og departementet sjølv har brukt omgrepet «takst» om desse vurderingane i ei rad dokument.

- Første gong vi høyrer

Eit døme på det er eit brev frå tidlegare statssekretær i Forsvarsdepartementet, Kjell Alvheim (V), frå desember 1999.

Departementet og Forsvarsbygg har heller ikkje kome med ei slik forklaring overfor Riksrevisjonen, som har granska handelen. Dei har nytta omgrepa «Stray-takstane», opplyser ekspedisjonssjef Eirik Larsen Kvakkestad i Riksrevisjonen til Bergens Tidende.

— I dag, under høyringa, er første gong vi høyrer at det berre ligg føre ein takst som endar på 11 millionar kroner, sa ein oppgjeven Farsund-ordførar, Margit Brøvig, under høyringa i går.

fakta/lista-saka

  • I desember 2002 inngjekk Forsvarsbygg avtale om sal av Lista flystasjon, eit område på over 5000 mål, til ei gruppe som kalla seg Lista Flypark AS.
  • Avtalen innebar at den nye eigaren fekk overta eigedomen og ei «nistepakke» på 11 millionar kroner på kjøpet.
  • «Nistepakka» var differensen mellom kjøpesummen på 3,5 milliardar og «kompensasjon» for plikter som fylgde med salet.
  • Farsund kommune var interessert i å overta eigedomen, men fekk aldri tilbod om å kjøpe eigedomen til lågare pris enn 200 millionar kroner.
  • Kontrollkomiteen granskar nå denne saka, der det er reist sterk tvil om vanskjøtsel av offentleg eigedom og verdiar.
VEDGJEKK FEIL: Forsvarsminister Kristin Krohn Devold møtte i går igjen på «stortingsgrillen» under ei open høyring i Kontrollkomiteen. Ho vedgjekk fleire feil ved behandlinga av saka.<p/> ARKIVFOTO: SCANPIX