KJERSTI MJØR TOR HØVIK (foto)EIRIK BREKKE (foto)

Eit lite rom i eit hus på ukjent adresse. Her har 37-åringen frå Sri Lanka budd sidan 1999, då ho fekk avslag på asylsøknaden for andre gong.

Ho er ei av mange kvinnelege asylsøkjarar som får nei og ikkje blir trudde, når dei hevdar at dei blir forfølgde på grunn av kjønn i heimlandet.

Men kvinna tør ikkje dra tilbake. Vener på Vestlandet hjelper henne med å skjule seg for norske styresmakter.

— Eg er redd for politiet. Heile tida, seier kvinna til BT.

Sandviken som «asyl»

Derfor opnar ho aldri vindauga på rommet sitt, og trekkjer aldri frå gardinene. Ho er overbevist om at ho kjem til å bli drepen av dei same regjeringssoldatane som torturerte og mishandla henne, dersom ho blir sendt tilbake.

Men det kjem aldri til å skje, seier ein av dei anonyme hjelparane til BT:

— Vi kjem til å skjule henne så lenge vi må. Til norske styresmakter forstår at ho snakkar sant, og gir henne opphald.

Hjelparen seier at 37-åringen er under enormt press, men har unngått å bli psykiatrisk pasient, fordi ho har hatt eit stort, kvinneleg nettverk rundt seg.

Men på Psykiatrisk akutt mottak (PAM) på Sandviken sykehus har dei på kort tid hatt fleire liknande saker: Einslege, kvinnelege asylsøkjarar som går gjennom kraftige livskriser når avslaget kjem. Så hamnar dei her.

— Vi blir som eit asyl, når asylmottaket ikkje lenger vil ha dei, seier seksjonsoverlege Kristin J. Bowim til BT.

— Mange er blitt valdtekne og torturerte. Dei er verdilause i samfunnet dei kjem frå, blir fritt vilt, og ser ikkje korleis dei kan vende tilbake. Kvinnene er ofre for krigen på ein annan måte enn soldatar og politiske flyktningar.

- Står makteslause

Den vesle kvinna brettar og brettar, er ustoppeleg. Golvet på det vesle rommet på Sandviken sykehus er dekt av små papirbåtar. Om og om igjen gjenopplever 38-åringen flukta frå Sri Lanka.

Ho tryglar pleiaren om nøkkelen til garderobeskåpet. Ho vil gøyme seg. Ho peikar hikstande på skuddsåret i den eine foten, og ber om tablettar for å ta livet sitt. I tretten dagar har ho budd på akuttmottaket. Samanbrotet kom etter avslaget.

— Avslag på asyl kan reaktivere posttraumatiske stressyndrom, og pasienten får kraftige «flashback» frå tidlegare vonde opplevingar. Dei kan bli psykotiske, suicidale eller kraftig deprimerte, seier spesialkonsulent på Sandviken, Anne Line Thingnæs Førsund, til BT.

— For oss som arbeider her, er det vanskeleg å oppleve så stor fortviling. Vi står makteslause. Men vi har hatt mange slike saker i det siste, og spør oss om kvinneperspektivet er godt nok tatt vare på i asylpolitikken. Spørsmålet må på dagsorden på politisk nivå.

- Har mista håpet

Advokat Knut Mannsåker er samd. Han representerer begge dei to kvinnene frå Sri Lanka.

— At slike klientar endar på psykiatrisk klinikk, står i samanheng med den reelle frykta for det som ventar, dersom dei vender tilbake, seier han til BT.

Mannsåker meiner at utlendingsstyresmaktene ikkje har peiling på realitetane for kvinner som må reise tilbake.

— På Sri Lanka er det mykje uro og vilkårleg vald og drap, viser rapportar frå Amnesty. Einslege kvinner som desse er heilt vergelause mot overgrep.

Den store, svarte kofferten har kvilt under senga på det vesle rommet på asylmottaket i Arna sidan mars. 24-åringen som bur her veit ikkje når ho må ta den fram igjen. Søknaden om asyl er under behandling. Det er enno håp, men håpet er borte.

— Eg har mista alt. Eg ser inga framtid. Alt eg veit er at eg ikkje kan reise tilbake til Sri Lanka.

VENTAR PÅ SVAR: Det er enno lenge til asylsøknaden hennar er ferdigbehandla. <p/>FOTO: TOR HØVIK