Nederlendaren Gerrit Remeijer har jobba som lege i Norheimsund i Hardanger i 17 år, og har 280 ledige plassar på si liste. Han synest ikkje det er så rart at nordmenn vel ein lege med eit norsk namn heller enn eit utanlandsk.

— Når ein pasient må gjere eit val utan å kjenne legane på førehand, er det lettast å velje den med eit norskklingande namn. Det verkar logisk på meg. Eg ville gjort det same, seier Remeijer til BT.

— Er nordmenn fordomsfulle?

— Det har eg vanskeleg for å svare på. I mitt tilfelle er dette uansett ikkje noko stort problem, for eg får også nye pasientar som ikkje kjenner meg.

Tyske Steffen Alexander Lachnit på Legesenteret i Myro i Stord kommune har jobba i Norge i fire år. Han har høyrt om kollegaer frå arabiske land som har hatt negative erfaringar som utanlandske legar i Norge, men aldri opplevd liknande sjølv.

— Tvert imot! Det må eg absolutt seie. Som tyskar har eg heller aldri opplevd fordommar frå eldre pasientar som har opplevd den andre verdskrigen.