I går ettermiddag kom dei første helikoptera inn til Flesland med dei evakuerte frå Snorre A-plattforma. Bak seg hadde dei eit dramatisk døgn i Nordsjøen.

— Til å byrje med var eg ikkje så uroleg, men det blei dramatisk då vi fekk vite at det var gass under plattforma. Det var ikkje akkurat hyggeleg, seier brønnleiar Per Ove Staveland, som har åtte år bak seg på Snorre A-plattforma.

Han var ein av dei 76 som var att på plattforma då den dramatiske meldinga kom rundt klokka ti søndag kveld. Først rundt klokka eitt i natt kunne han sjå plattforma forsvinne under seg.

— Eg må seie eg var ganske letta. Eg såg på klokka når eg letta og eg såg på klokka når vi landa. Det første eg gjorde var å ringe heim, seier haugesundaren Staveland, som vart frakta til Statfjord C-plattforma.

Han fortel at vindtilhøva gjorde situasjonen meir dramatisk etter kvart som timane gjekk.

— Vinden var med oss i byrjinga, men ut på natta stilna det, seier han.

Frå dekket kunne han sjå at sjøen endra farge på grunn av gassen, og kollegaer av han på boredekket kunne lukte det som bobla opp til overflata rett under plattforma.

- Ingen panikk

Som Staveland seier prosessoperatør Roald Knutsen at det aldri var teikn til panikk om bord. Han fortel at det meldinga om ein ustabil brønn, som kom 19.15 søndag kveld, ikkje var særleg dramatisk. Det er noko Knutsen har opplevd før i Nordsjøen.

— Vi skulle eigentleg ha ei evakuerings øving søndag, men hadde fått beskjed om at den var utsett. Så min første reaksjon når meldinga kom var at «faen, nå har de lurt oss», seier Knutsen, som skryt av måten plattformsjefen handterte situasjonen på.

— Han handla veldig profesjonelt, og eg såg ingen som hadde panikk eller hadde det trasig, seier Knutsen, som kjem frå Løddingen i Ofoten.

Dei som ikkje var ein del av brannlaget om bord, slik som Knutsen, vart evakuert til livbåtane på plattforma. Og når meldinga om gass på overflata kom i titida, hamna Knutsen òg i livbåten. Der sat han til eit helikopter frakta han til Statfjord C-plattforma klokka eitt om natta.

Frykta kantring

Med åtte år på Snorre A kjenner Staveland plattforma godt. Medan Statoil og Petroleumstilsynet har peika på ei ukontrollert utblåsing som største faren, frykta Staveland mest at plattforma skulle bli ustabil og i verste fall gå rundt.

— Du har jo Alexander Kielland i minnet.

Staveland frykta at dei digre betongfundamenta plattforma er festa i på havbotnen skulle bli undergrave av ei kraftig gassutblåsing.

— Vi var nede med ein miniubåt, og den viste at der var eit svært krater, seier han.

Ein annan fare er at mykje gass i vatnet gjer at plattforma kan miste oppdrifta, og i verste fall søkke.

I Petroleumstilsynet vart faren for at gasslekkasjen skal gjere plattforma ustabil rekna som liten.

— Det scenarioet du skisserer vart diskutert, og basert på dei opplysningane vi fekk frå Statoil såg vi den reelle faren som liten, seier pressekontakt Ole-Johan Faret i Petroleumstilsynet.

Grunnen til det er ifølgje Faret at gassmengda i denne brønnen er for liten til å skape ustabilitet. Snorre A produserer olje, og gassen blir berre brukt for å få oljen opp, ein såkalla injeksjonsbrønn.

EVAKUERT: Snorre A. Roald Knutsen (t.v.) og Per Ove Staveland var mellom dei som vart evakuert frå Snorre A-plattforma etter gasslekkasjen. JAN M. LILLEBØ (foto)