— Arbeidarrørsla har alltid kalla kvarandre for kameratar. Vi kristne har alltid kalla kvarandre for sysken, neste eller medmenneske. Ordet neste er ordet som fortel oss at eg skal elske menneska som eg møter i livet mitt, slik som eg elskar meg sjølv, eller slik som Gud elskar dei og ser dei.

Kristendommen har alltid vore ei rørsle som har ønska å hjelpe dei svake. Akkurat som arbeidarrørsla har villa hjelpe sine kameratar til eit betre liv. Sjølv om kyrkja og arbeidarrørsla ikkje alltid har stått på same side, trur eg verdiane og måla ofte har vore like. Det handlar om å bry seg om kvarandre, det handlar om å ikkje vere likegyldige, men om å kjempe for kvarandre, slik at alle får det betre saman. Vi treng verdiar og haldningar som vil bringe oss vidare.

Det er ikkje likegyldig kva vi trur på. Likegyldigheita har kapra alle sofasitjarane, dei som sit heime i staden for å kjempe for lokalsamfunnet. Det kan verke som det er likegyldigheita som har gripe Hydro-leiinga i Oslo, når dei seier at 80 millionar kroner i overskot ikkje er nok til at dei vil investere i nye smelteomnar. Dei er likegyldige overfor vårt samfunn og våre arbeidsplassar og til sjuande og sist er dei likegyldige overfor liva våre.

Dei skulle trenge litt av både solidaritet og nestekjærleik, slik at dei kunne sjå at overskotet i hallane ikkje berre handlar om pengar i lomma på aksjonærane, men at det handlar om eit samfunn og ein livsstil som er avhengig av at hjørnesteinsbedriften i kommunen fortsett å vere her.

Vi ber ikkje om noko offer frå Hydro. Vi ber om ei investering som vil bere seg, og som vil gje endå større overskot.

Det er lett å bli oppgitt, tafatte og likegyldige. Men det vil ikkje hjelpe nokon. Vi må halde opp våre verdiar og draumar som ei fane. Saman kan vi gjere ein skilnad. Kanskje kan vi vere med å snu trendar? Kanskje verdiane våre kunne vekke dei som søv i Oslo?

Inger Hagerup har skrive eit dikt om å kjempe og om å skape ei betre verd saman. Det heiter Vær utålmodig menneske!

Langsomt blir allting til. Sapelsen varer evig. Mørket ble lys og lyset ild, og mennesket våknet en dag og sa: Jeg vil!

Langsomt blir allting til. Langsomt seiler vår jord mot en ukjent havn. Ingen kan måle vår fremtid, og ingen kan gi den navn. Men dette vet vi, at vi er med på å skape det evige livet, skape det ondt eller godt.

Vi vil ikke tape. Vi vil ikke miste den ilden vi engang har fått. Mange var veiene. Det bar galt avsted. Styrken ble makt og makten vold. Og mennesker trampet hverandre ned. Men alltid var drømmene den ytterste virkelighet.

Langsomt blir allting til. Det haster, det haster. Det kan gå galt igjen. Hva er det vi vil? Drømmer og utopier sier de kloke menn, de som er kalde av hjertet. Hør ikke på dem lenger! Livet er ikke bare hus og mat og penger. Vi er bestandig på vei, bestandig et stykke lenger, alltid på vei mot menneskehetens seier eller nederlag. Det haster, det haster i dag! Vær utålmodig, menneske! Sett dine egne spor! Det gjelder vårt evige, korte liv. Det gjelder vår jord.

Heile tida er vi med og skapar framtida vår. Vi er samfunnet som stadig utviklar seg. Skapinga varer evig. Men heile tida er det ein kamp. Ein kamp mellom menneske som alltid vil ha mest. Det blir fort ein maktkamp, der dei sterke undertrykkjer dei fattige. Og det har vi mange døme på i historia.

Det er naudsynt at vi held våre verdiar og tru synleg for kvarandre. Våre verdiar burde alltid vore prøvesteinen for alt det vi gjer, slik at vi kan sjå at vi går saman i ein god retning, i ein retning som gavnar oss alle. Slik kan vi skape eit betre samfunn, eit varmare samfunn der vi bryr oss om kvarandre.

Lat oss lytte til det heilage evangeliet som står skrive hos evangelisten Lukas i det sjette kapitlet:

Ver miskunnsame, som Far dykkar er miskunnsam. Døm ikkje, så skal de ikkje dømast. Fordøm ikkje, så skal de ikkje fordømmast. Ettergjev, så skal de få ettergjeving. Gjev så skal de få: Eit godt, stappa, rist og overfylt mål med skal de få i fanget. For med det målet de sjølv mæler med, skal det mælast opp til dykk.

Kampen for samfunnet vårt byrjar med kampen i oss sjølve, med kampen for vårt eige hjartelag. Eit hjartelag som er brennande og raust, som har plass for andre enn seg sjølv. Det er eit hjartelag som er annleis enn vårt egoistiske hjartelag. Det handlar om eit hjartelag som er villig til å ofre noko for andre, som er villig til å kjempe for andre enn seg sjølv. I dagens tekst lovar Gud løn til den som ber dette hjartelaget, at Gud sjølv vil bere same hjartelag overfor dette mennesket. Det er ikkje noko lite løft frå ein raus Gud. Han er rausare enn oss, og han vil at vi skal verkeleggjere hans rause hjartelag på jorda.

I kyrkja snakkar vi om nestekjærleik. I arbeidarrørsla snakkar vi om sosialisme. Det handlar om det same, om å kjempe for kvarandre for eit betre samfunn på jorda. Det er på tide å reise seg opp frå si eiga navlebeskuing og likegyldige tilvere og sjå kvarandre i augo.

Vi er medmenneske som treng kvarandre, og som treng å stå saman med kvarandre. Saman kan vi kjempe og vinne fram. Saman kan vi endre samfunnet vårt og framtida til noko betre, eit varmt samfunn. Og i ein 1. mai-song skreiv Inger Hagerup:

Og vi vil være med og bygge broen fra oss til dem. Så lenge det er noen som bærer livets frø av kjærligheten, tilliten og troen kan menneskene aldri dø!