— Kva er poenget med straff når det går fleire år før ein får sont ferdig, og lagt saka bak seg? Eg skal ta straffa mi, det skulle berre mangle, men ventetida øydelegg mykje, seier snikkaren frå Sotra.

På pauserommet hos firmaet han jobbar for, er det tid til å tenkje attende. På eit uroleg liv som har skapt mykje trøbbel for Glesnes.

— Det har vore minst 20 år med surr og vas. No er eg blitt kristen og vil gjere noko skikkeleg med livet.

Midt på den nakne kontorveggen heng eit krøllete bilete av ei kyrkje. Glesnes hentar krefter hos Gud når han no kjempar seg vidare.

— Eg har planar for framtida. Då er det veldig frustrerande å måtte tenkje på at ein gong skal inn å sone 30 dagar, for noko som er gjort for fleire år sidan.

— Kva preventiv verknad har det? Ingen ting.

— Mange er i same situasjon som meg. Enkelte kjem seg aldri vidare.

Til hausten tek Glesnes til på Bibelskulen. Han fryktar at framtidig soning kan skape vanskar både for studiar og jobb.

— Men det er ikkje verst for meg. Folk som har hus og familie har det nok verre. Eg kan trass alt bruke sommarferien på å sone dei 30 dagane, seier mannen, som sjølv er far til ei lita dotter.

Glesnes vart først klar over den lange soningskøa då han tok kontakt med kriminalomsorga.

— Eg var redd for at sommarferien skulle ryke. Dei svarte at det kunne gå både ein og to somrar til før eg fekk fengselsplass.

Glesnes var med på bygginga av Bergen Fengsel. Han har vanskar med å skjønne kvifor det ikkje let seg gjere å byggje fleire fengselsplassar.

— Sist gong eg sat inne slapp eg ut fem dagar før fordi nokon andre skulle ha plassen min. Kva signal sender der?

Han meiner det må tenkjast nytt i måten å straffe folk på.

— Send heller dei som blir dømde til korte straffer ut i arbeid. Kommunen har ikkje pengar til noko som helst. Det er nok av oppgåver i samfunnet som dei domfelte kunne utføre, meiner Glesnes.

— Kunne du sjølv tenkje deg å sone på denne måten?

— Ja, heilt klart. Det er betre det enn å sitje i fengsel. Der lærer ein berre å bli endå meir kriminell. Eg kjenner fleire som hadde sitt første møte med narkotika bak murane, fortel Glesnes.

Han synest ikkje alt Carl I. Hagen og Frp har føre seg er bra, men kriminalitetspolitikken likar han.

— Hagen har mykje føre seg. Eg trur at skal ein stogge unge kriminelle, er det viktig at dei får ein rask reaksjon. Det kan få dei til å lære, seier Glesnes.

STOLAR PÅ GUD: Leif Glesnes er ein av mange som må vente lenge på soningsplass. Han festar sin lit til at Gud hjelp han gjennom ventetida. – Eg har lagt det gamle livet bak meg. Då er det tungt å måtte vente på å få gjort opp for seg, seier 37-åringen.<p/>FOTO: RUNE SÆVIG