Auka grad av individuell lønsfastsetjing i offentleg sektor kan bli ei av dei heitaste sakene i årets lønsoppgjer. Både dei to partane i arbeidslivet og ulike organisasjonar på arbeidsleiarsida står her mot kvarandre. Akademikerne, som organiserar folk med høg utdanning, er langt meir positiv til lønsskilnader enn dei konkurrerande LO-forbunda NTL og Norsk Kommuneforbund.

Etterutdanning viktigare

Akademikerne offentleggjorde i går ei spørjeundersøking på ein inntektspolitisk konferanse i Bergen, som på dette punktet ikkje heilt støttar opp under organisasjonens lønspolitikk. Den viser at leiarar i offentleg sektor meiner endringar i lønsnivå, fagleg utvikling, etterutdanningstilbod og karrerevegar er viktigare for rekruttering av kompetent arbeidskraft enn «lokale variasjoner i lønnstilbud». Dette synet står sterkare hjå leiarane i vestlandsfylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane enn for landet under eitt.

Sterkare utslag på Vestlandet

41 prosent av dei offentlege leiarane i vestlandsfylka meiner det er vanskeleg å få tak i og halde på folk med høgare utdanning (over 4 års universitets— eller høgskuleutdanning). 27 prosent meiner det er lett. Av dei som såg det som vanskeleg svara 77 prosent at det skuldast for lågt lønsnivå. 54 prosent svarte «Begrensede karrieremuligheter», medan 44 prosent la vekt på for få frynsegoder og 40 prosent for stor arbeidsbelastning. Først på femte plass (32 prosent) kjem «For lite lokal lønssvariasjon», saman med manglande etter- og vidareutdanningstilbod (31 prosent).

Treng omstilling

Heile 84 prosent av dei 200 offentlege leiarane som er spurt i vestlandsfylka meiner ein treng omstilling i offentleg sektor. På spørsmålet om kvifor det var naudsynt med omstilling, svarte 42 prosent betre tenester til publikum. 33 prosent svarte betre ressursutnytting, medan 19 prosent meinte omstilling var naudsynt som ei tilpassing til samfunnet og marknaden. Fire prosent av dei som meinte omstilling var naudsynt svarte at dei ikkje hadde nokon spesiell grunn.