• TEK GRISEN I FORSVAR: Direktøren i Språkrådet, Sylfest Lomheim, meiner at sterke kommersielle krefter står bak bruken av ordet svineinfluensa. – Follow the money, seier eg berre. (ARKIVFOTO).

Lei av grise-maksimering

Språkdirektør Sylfest Lomheim meiner det er dårleg gjort mot grisen å bruke uttrykket «svineinfluensa».

Les også:

Dropp forstavinga «svin» i uttrykket «svineinfluensa», og panikken ville leggje seg – både i media og blant publikum. Påstanden kjem frå reiselivsdirektør Rolf Forsdal i Handels- og servicenæringens hovedorganisasjon.

– Skrekken ligg i ordet «svin», seier Forsdal til TV 2.

– Hadde viruset blitt omtalt som ein variant av vinterinfluensa, ville verken media eller publikum fått den skrekkreaksjonen vi ser no.

Svin på skogen
Direktør for Språkrådet, Sylfest Lomheim, er heilt på line med Forsdal.

– Ja, ja, ja. Noko anna ville vere fullstendig blåøygd, seier Lomheim.

– Ordet svin har ein svært negativ klang i mange samanhengar, berre tenk på uttrykk som «svinepels», «svinesti» og «svin på skogen».

Namnet skjemmer ingen, heiter det. Likevel meiner Lomheim at bruken av ordet svineinfluensa er ein effektiv demonstrasjon av kor viktig ordval er.

Hans personlege oppfatning er at sterke, internasjonale krefter har kommersielle interesser av at grisen får skulda for pandemien.

– Legemiddelindustrien, til dømes, tener millionar på at folk blir skremde. Follow the money, seier eg berre.

Deler skjebne med orkanar
Ikkje minst meiner Lomheim at ordbruken råkar grisen på ein svært urettvis måte.

– Grisen, som er eit godt og intelligent dyr, burde få ta til motmæle. Men han snakkar ikkje så godt norsk som oss andre, legg han til.

Clara Hveem på Halsnøy, svinebonde i 30 år, tek på seg å snakke grisens sak i BT.

– Å, grisen er eit triveleg dyr! Intelligent, reinsleg og koseleg.

– Men han har dårleg rykte om dagen?

– Eg veit ikkje det. Eit namn må desse sjukdomane ha. Akkurat som orkanane, som får kvinnenamn. Stakkars dei som har same namn!

– Så ryktet til grisen står seg gjennom denne pandemien?

– Ja, ja, ja.

«Grisen, som er eit godt og intelligent dyr, burde få ta til motmæle. Men han snakkar ikkje så godt norsk som oss andre».

Bakvendtland
Faktisk er Hveem meir redd for smitte frå menneske enn gris i desse dagar. Ifølgje Norsvin er Noreg og Island dei einaste landa utan grisar som er smitta av influensaviruset.

– Som svineprodusent er eg veldig redd for og restriktiv med å ta folk inn i fjøset, særleg dersom dei er forkjølte, seier Hveem.

– Blir eg sjuk sjølv, må eg skaffe avløysar og ikkje eingong kome nær vikaren.

Meiner Lomheim bommar
Forfattar og språkforskar Helene Uri meiner at språkdirektøren bommar.

– Vi var like redde for fugleinfluensa og kugalskap. Eg trur redselen for influensaviruset har lite med bruken av ordet svin å gjere, seier Uri, som blant anna har gitt ut boka «Perler for svin» om biletbruk i norske ord og uttrykk.

– Du meiner at Lomheim bommar?

– Ja, faktisk. Det er riktig at ordet svin ofte gir assosiasjonar til noko som er ureint, men det har veldig lite med denne saka å gjere.

Uri vil heller slå eit slag for grisen.

– I Tyskland er grisen eit klart symbol for hell og lukke. Der heiter det til dømes at «ich habe scwein gehabt», som betyr at «eg har vore veldig heldig». Den same tydinga har vi jo på norsk i uttrykk som «griseflaks» og «svineheldig».

Professor Gunnstein Akselberg ved Nordisk Institutt i Bergen trur hysteriet heller skuldast norske media enn bruk av ordet svin.

– Det handlar mest om fokuset i media på korleis ein skal oppføre seg, passe på, vaske seg og omgås andre for å ikkje bli smitta, seier Akselberg.

– For mykje hysteri
Også Lidvin Hage, fylkesleiar for Norsvin i Sogn og Fjordane, skulle ønskje at pandemien hadde eit anna namn.

– Ordet svineinfluensa er ei belastning, men «H1N1-viruset» festar seg vel ikkje blant folk, legg Hage til. Svinebonden i Utvik er ikkje i tvil om kven som skapar den største krisa.

– Det er media. Etter at dei var ferdige med finanskrisa, fekk dei svineinfluensa å skrive om. Det er litt for mykje hysteri, meiner Hage.

Les også

Siste fra Innenriks

Varmen stopper Bergensbanen

To persontog står fast ved Hallingskeid.

To menn knivstukket i Østfold

To menn i 30-årene ble natt til lørdag knivstukket, den ene av dem alvorlig, i Spydeberg i Østfold.

Spår bondesmell for de rød-grønne

Valgforsker Frank Aarebrot tror striden med bøndene om årets jordbruksoppgjør vil resultere i en skikkelig baksmell for den rødgrønne regjeringen neste år.

Seks pågrepet i doping-razzia

Seks personer ble pågrepet da politiet natt til lørdag gjennomførte razzia mot to utesteder i Trondheim. Flere hundre gjester ble sperret inne mens aksjonen pågikk.

44.000 kan være i streik over pinse

- Vi regner med at dette vil merkes godt, sier lederen av LO stat, Tone Rønoldtangen.

Gutt (13) døde etter badeulykke på klassetur

Be hentet opp av dykkere fra fire meters dyp.

fakta/svineinfluensa

  • Uttrykket svineinfluensa dukka første gong i år opp på trykk i norske aviser i april i NTB-meldinga «Nytt virus lammer Mexico».
  • Sidan er uttrykket brukt 1540 gonger, ifølgje tekstarkivet. I tillegg kjem eit stort mengd saker i eter- og nettmedia.
  • Tidlegare er uttrykket svineinfluensa brukt 11 gonger i norske aviser i perioden 1976–2005.

(KJELDE: ATEKST)

Svinaktige uttrykk

  • Svin på skogen
  • Perler for svin
  • Svinesti
  • Svinepels
  • Mannsgris
  • Grisetakling
  • Griseprat
  • Griseri
  • Din gris!
  • Ditt svin!
  • Griseflaks
  • Svineheldig

Mest lest

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

Siste saker

SØK I SKATTELISTENE (2009)

På forsiden nå

Lederstillinger

Stillinger