• Det er ei utfordring for oss i Riksrevisjonen å oppretthalde motivasjonen når vi år etter år påpeikar dei same forholda utan at noko skjer.

Dette seier Jørgen Kosmo (biletet) til Bergens Tidende eit knapt år etter at han overtok som riksrevisor og leiar av revisorkollegiet.

I revisjonsrapporten for 2005, som vart presentert i går, slår Riksrevisjonen nok ein gong fast at det skjer massive brot på innkjøpsregelmentet i staten.

Korrupsjonsfare

Det betyr manglande konkurranse og fare for korrupsjon, påpeikar Kosmo.

Ofte er det dei same verksemdene og organisasjonane som går igjen når Riksrevisjonen utdeler kritikk.

— Når Riksrevisjonen tek dei same verksemdene år etter år for brot på innkjpsreglementet, kan det då vere nok anna enn manglande vilje som er forklaringa på at praksisen held fram?

  • Eg trur ikkje det er mangel på kunnskap. Eg trur heller ikkje det er mangel på kompetanse. Så kan du sjå kva som står att, svarar Kosmo.

Dei mange år på Stortinget, som statsråd og som medlem av kontrollkomiteen på Stortinget gjer at Kosmo seier at han ikkje er overraska over dei funn og konklusjonar han nå presenterer.

Han vil likevel ikkje svare på om det er nokon veg utanom å innføre sanksjonsmiddel overfor dei ansvarlege for å forvaltninga til å ta kritikken inn over seg.

  • Riksrevisjonen seier ifrå. Så får det bli opp til Stortinget å fylgje opp, seier Kosmo.

Ramsalt kritikk

Fiskeridirektoratet i Bergen er mellom dei etatane som får ramsalt kritikk. Her gjeld det installering av eit nytt ventilasjonsanlegg til 55 millionar. Det var ingen tilbodskonkurranse. Direktoratet nytta eit privat konsulentfirma til å plukke ut leverandør. Prosedyren som er fylgt «gir liten mulighet for innsyn og etterkontroll, noe som anses viktig for å forebygge korrupsjon og misligheter» skriv Riksrevisjonen.

Ute av kontroll

Dramatisk verre er tilstanden i Helse Midt-Noreg. Her seier Riksrevisjonen at både «den styringsmesssige og økonomiske situasjonen» synest å vere ute av kontroll. Det er aukande underskot. Dei finansielle leigeavtalane er ikkje avskaffa slik føresetnaden var. Leiinga i helseforetaket ser også ut til berre i avgrensa grad å fylgje opp krav og styringssignal frå departementet.

Riksrevisjonen sparkar nå Helsedepartementet kraftig på skinneleggen for å få departementet til å ta i bruk dei styringsmekanismane det har.

Dette kan knapt oppfattast annleis enn at departementet bør sparke både styre og administrasjon i helseforetaket.

Riksrevisjonen har også sterke utfall mot avtalane som er inngått mellom det private selskapet EuroSleep på Voss og helseforetak i vest og i Akerhus. Selskapet driv utan sjukehusgodkjenning og det er tvil om kven som har ansvar for pasientane. Revisjonen har også fleire kritiske merknadar til forholdet mellom personell som dels arbeider for EuroSleep, dels i offentlege sjukehus.