VIDAR YSTAD

Oslo

Parrtileiinga er redd open intern splid skal verke til å øydelegge valresultatet for SV. Difor blir det nå mana til samhald slik at motsetningane ikkje blir eksponert. I praksis er det innførd «munnkorg».

I går rykka landsstyremedlemene Tina Åsgård frå Hordaland og Per-Olav Lauvstad frå Akershus ut med kritikk av partileiar Kristin Halvorsen. Bakgrunnen var at ho i ein tale på eit seminar ved NUPI, Norsk Utanrikspolitisk Institutt, i førre veke uttala at «vi må bevege oss fra puddel til partner overfor USA». Lauvstad vedgår overfor BT at han har fått kjeft frå partileiinga for det han har sagt:

I går vart SV-veteranen, Stein Ørnhøi, sitert på at SV må ha minimum 12,5 prosent ved valet, som sist, elles blir det ikjje noko regjeringssamarbeid.

Telefonen stod ikkje stille hjå Ørnhøi i går. Han måtte freiste å raka kastanjar.

— Eg har aldri kome med slike synspunkt i noko intervju. Oppslaga bygger på mistydingar, seier Ørnhøi til BT.

.