— Staten har betalt 1,8 millionar kroner for kvar nyutdanna lege. Då er det meiningslaust å la ein av ti gå eit halvt år utan at vi blir brukt, seier Knut Harbo i Bergen, leiar for legestudentanes turnuskomité.

Alle nyutdanna legar må igjennom ei 18 månaders turnusteneste før dei kan få autorisasjon. Ein kraftig auke i talet på medisinstudentar i utlandet har gjort behovet for turnusplassar større. I tillegg kjem ei endring i reglane frå nyttår, som gjer at halvparten av studentane må ut i turnus i februar. Fleirtalet gjer seg ferdige på skulebenken i vårsemesteret, og må dermed vente eit halvt år.

— Om lag 390 studentar har ønskt seg turnus til sommaren. Vi har greidd å skaffe ca. 350 plassar, seier direktør Per Haugum ved Statens autorisasjonskontor for helsepersonell. Dermed må 40 studentar vente.

Kritiske til utanlandsstudiar

Både Den norske lægeforening og Norsk Medisinstudentforening meiner det vil byggje seg opp til ei turnuskrise om få år.

— Lægeforeningens turnusråd konkluderte i år 2000 med at det ikkje er kapasitet i Noreg til meir enn 640 turnusplassar i året. I 2003 vil det bli uteksaminert 775 medisinarar, i 2004 790. Vi vil då få fleire på venteliste enn det er turnusplassar til fordeling totalt, seier Einar Østerås, leiar i Norsk Medisinstudentforening.

Studentane meiner ordninga med at staten betaler for medisinstudiar i land som Polen og Ungarn har mykje av skulda for krisa. Den såkalla gebyrstipendordninga opna for slike studiar, og skulle bidra til å få bukt med legemangelen.

Fryktar for kvaliteten

— Problemet er at kapasiteten på turnusplassar ikkje er stor nok, seier Østerås. Også utanlandske studentar frå EØS-land som ønskjer turnus i Noreg er med på å auke presset.

Østerås fryktar at staten vil løyse problemet ved ukritisk å auke talet på turnusplassar, utan å sikre at oppfølginga studentane får er forsvarleg.

— Det er turnustenesta som skal gje oss den erfaringa vi treng for å bli gode legar. Då er det heilt nødvendig at turnustenesta held ein god kvalitet, seier Østerås.

Leiaren for autorisasjonskontoret er ikkje samd i at kvaliteten står i fare.

— Eit breitt samansett utval, der også Den norske lægeforening var med, konkluderte i fjor med at vi kan skaffe ca. 800 plassar i året ved norske sjukehus. Dette er fullt ut forsvarleg, seier direktør Per Haugum.