I fem år har tyske Uwe Lubbig vore kommunelege i Ullensvang. Ingen bad om bevis på at han kunne norsk, då han fekk jobben i Hardanger.

— Eg innrømmer at eg vart overraska. Skal ein studere i Norge, må ein ta språktest. Men det treng ein ikkje for å jobbe her. Underleg, seier Lubbig.

Språk er ikkje lenger del av godkjenningsprosessen for legar frå EU og EØS-området. I dag er det opp til arbeidsgjevaren å vurdere om legen er flink nok i norsk.

- Går utover pasientane

Nye tal frå Legeforeningen viser at over halvparten av legespesialistane i Norge er utanlandske. I psykiatrien er berre ein av tre nye spesialistar norske.

Norsk Pasientforening er bekymra over at det ikkje blir stilt språkkrav til utanlandske legar.

— Til sjuande og sist går dette utover pasientane, seier generalsekretær Guro Birkeland.

Pasientforeningen har hatt ein god del saker som involverer utanlandske legar med dårleg kunnskap om norsk språk og kultur, samt manglande kjennskap til det norske helsevesenet.

I ei sak vart kreftprøver tekne mange månader forsinka, fordi legen ikkje har visst kor prøvane kan utførast. I eit anna tilfelle var ei henvising skriven på eit komplett uforståeleg språk.

Pasientforeningen er også blitt kontakta av utanlandske legar som spør kor dei skal henvise pasientar.

— Kommunikasjon, språk og kulturkompetanse er grunnleggjande for å kunne gi god behandling. Legen må også ha kompetanse på det norske helsevesenet, for å kunne henvise riktig og gi rett hjelp, seier Birkeland.

Pasientforeningen etterlyser større ansvar hos arbeidsgjevarar for å kvalitetssikre legar i forkant, og for å lære dei opp etter at dei er tilsette.

Vil gjeninnføre språktest

Gong på gong har Den norske Legeforeningen peikt på behovet for strengare språkkontroll av utanlandske legar.

— Ofte er vi blitt mistenkte for å mele vår eiga kake, seier Gunnar Ramstad, leiar i Hordaland legeforening.

Kravet til norskkunnskapar blir ofte underordna i små kommunar. Mange må ty til utanlandske vikarstafettar, for å gi innbyggjarane eit legetilbod.

— Er du rådmann i ein liten kommune med legemangel, og endeleg får tak i ein utanlandsk lege som er villig til å ta jobben, tenkjer du at «dette med språket ordnar seg etter kvart». Så set du i gang, seier Ramstad.

— Kva meiner du om det ikkje lenger finst nasjonale krav til norskkunnskapar?

— Eg likar det slett ikkje. Ordninga bør gjeninnførast for å sikre kvaliteten.

- Katastrofalt dårleg

Før påske skreiv Per Helge Måseide, barnelege og redaktør av tidsskriftet «Journalen», i ein BT-kronikk at kvalitetssikringa av legar frå EØS- og EU-land er katastrofalt dårleg.

— Det er snakk om enkle tiltak, skreiv Måseide, som å sjekke om legen kan norsk.

Sjølv om Uwe Lubbig på legekontoret på Utne seier at han forstår kravet om språksjekk, fryktar han at dette ville gjere rekruttering endå vanskelegare i små kommunar.

— Terskelen bør ikkje bli høgare enn i dag, seier Lubbig.

Statens autorisasjonskontor for helsepersonell blir ofte kontakta om språkproblem.

— Dette opptek svært mange i helsevesenet, seier assisterande direktør Lars Swanstrøm.

— Er det forsvarleg å godkjenne ein lege som ikkje snakkar norsk?

– Alt helsepersonell har krav om å utøve yrket sitt forsvarleg. Då blir spørsmålet om språk har noko med forsvarlegheit å gjere, seier Swanstrøm.

— Kva synest du?

— Dette er standpunktet som er tatt av Helsedepartementet i 2000.

Spåkproblem i turnusteneste

I 2009 var 43 prosent av søkjarane til norske turnusplassar utdanna i andre land, og fleire hadde eit anna morsmål enn norsk. Dette kjem fram i ein ny rapport frå Helsedirektoratet.

Styresmaktene stiller krav om at norskkunnskapane til turnuskandidatar tilsvarar den såkalla Bergenstesten, men tilbakemeldingar tyder likevel at fleire har mangelfulle språkkunnskapar. Arbeidsgjevarar kan dermed risikere å måtte seie opp nytilsette turnuslegar og stå utan lege fram til neste fordeling av turnuslegar.

Tilbakemeldingar tyder på at problemet er aukande, heiter det i rapporten.

Fire i distriktet:

Svein Kåre Senneset, kommunalsjef i Årdal

— Vi har lenge hatt utanlandske legar i faste stillingar, men berre unntaksvis hatt store utfordringar med språk. Det skjedde i eit par tilfelle med dansk-pakistansk lege. Akkurat no har vi to danske vikarar, og ein lege frå Botswana som har jobba her i 4–5 år. Han er utdanna i Norge, og snakkar godt norsk.

Berit Wetlesen, helse- og sosialsjef i Stryn

— Vi har fleire utanlandske legar, men har ikkje hatt store problem med språk. Vår erfaring er at dei fleste snakkar ei form for skandinavisk. Éin gong gjorde vi ei feilvurdering, men det er ei avslutta sak. I dag har vi legar frå Syria og Pakistan, og tidlegare frå Irak, Tyskland og Nederland. Eldre folk kan nok grue seg for å kome til ny lege, og ikkje vite om dei forstår språket, men det har gått bra. Snakkar legane sakte og tydeleg, er det ikkje noko problem.

Per Erik Hansen, kommunelege i Sogndal

— Vi har berre hatt legar frå Danmark og Sverige, og derfor ikkje hatt dei store språkproblema. Men med legar frå andre land kan eg godt tenkje meg at det kan oppstå problem. Ikkje minst kan sognedialekten vere ei utfordring.

Tone Tveito Eidnes, rådmann i Ullensvang.

— Vi har ein tysk kommunelege, og har nettopp tilsett ein ny fastlege frå Tyskland. Der har språket vore eit problem, men eg trur vi skal løyse det. Som regel er det vanskeleg å finne godt kvalifiserte legar til eit lite legekontor på ein liten plass. Vi stiller jo ikkje først i køen.