– Me brukte energien og overskotet feil, meiner Camilla Øvretveit Tredal og Knut Ole Tredal (begge 29).

Med to små born, Jacob på sju år og Hedda som er 20 månader, hadde familien ein travel kvardag.

– Camilla hadde full jobb og heimen å ta seg av, Knut Ole jobba mykje. Me gjorde begge så godt me kunne, men nådde likevel ikkje fram til Jacob. Han var aktiv og gav oss motstand. Me følte me vart pressa inn i eit hjørne, fortel ekteparet.

Det var Camilla som først kom med ideén om at dei kanskje burde få nokon til å hjelpa seg. Knut Ole meinte først at det ikkje kunne vera naudsynt, dei hadde det då bra.

Fekk kursplass

Camilla tok kontakt med Bjørn Brunborg, psykologispesialist ved Barne— og ungdomspsykiatriske poliklinikk (BUP) Nordhordland. Han viste henne til fastlegen, som sa dei kunne få plass på kurset, dersom dei ville. Frå februar til juni i år gjekk dei på kurs kvar veke saman med fem andre par.

Brunborg fortel at BUP Nordhordland dei to siste åra har arrangert kurs etter «De utrolige årene»-programmet. I løpet av 12 veker har foreldra lært strategiar, prinsipp og verktøy for korleis dei kan ha det betre i lag med borna sine.

Første fase går ut på at foreldra lærer å få fram den positive åtferda dei ønskjer. Eit av verkemidla er å leika meir med borna på borna sine premiss.

Deretter skal dei læra å setja grenser, og i siste fase korleis dei skal handtera ulydigheit, sinne og aggresjon.

Kvialt å gå på butikken

Nokre av foreldra som er med på programmet, har born med ADHD. Andre har ungar med såkalla utfordrande åtferd.

– Foreldra opplever til dømes at det er vanskeleg å ha borna med i butikken. Dei slit med leggerutinar, borna følgjer ikkje beskjedar, vert lett aggressive og slår eller bit gjerne andre born, fortel Brunborg.

– Eg var så sliten, og vart frustrert og sint, dersom eg ikkje nådde fram. Me gjekk begge i dei same fellene heile tida. No har me lært meir om å finna løysingar, betre formuleringsmetodar og er blitt meir strukturerte. I staden for å kjefta, lærte me at det er betre å rosa og seia til dømes «no var det fint at du sat stille, for no er mamma litt sliten», fortel Camilla.

To tøffingar

Ekteparet trudde dei var dei einaste som hadde det slik, men på kurset opplevde dei at dei slett ikkje var åleine.

Brunborg seier dette er ein vanleg tanke hos foreldra som deltek. Han fortel vidare at attendemeldingane frå foreldra berre er positive.

– Då me byrja, meinte eg at dette ikkje var noko me skulle snakka noko særleg om. Men i ettertid synest eg me er tøffe som torde å søkja hjelp, og fleire av vennene våre har lånt kursboka vår, seier Knut Ole.

Jacob leikar med veslesyster Hedda, medan foreldra fortel. 2.-klassingen likar fotball best på skulen, lærte å lesa allereie i 1. klasse, og innrømmer at det er litt kjekt å vera storebror.

– Jacob er rolegare. Me som foreldre er meir samkøyrde, og det var svært positivt for parforholdet å gå på kurs i lag, seier Camilla og Knut Ole.

Har plass til fleire

Bjørn Brunborg håpar fleire får høve til å koma på «De utrolige årene»-kurs. For å delta, må ein ha ei tilvising frå fastlege eller barnevernskontor.

Til no har alle som har vorte viste til BUP Nordhordland og BUP Åsane fått plass. På nyåret vil tre andre poliklinikkar i Helse Bergen ha same tilbod.

– Nokon må hjelpa foreldra til oss. Både barnehage og helsestasjon er flinke til å seia frå. Me har eit sterkt ønskje om å oppdaga vanskane tidleg. Dersom borna er i skulealder, tyder det at dei har vore i eit negativt spor lenger enn naudsynt, seier Brunborg til BT.

fakta/ «De utrolige årene»

n Består av ulike program for foreldre, barn og lærarar. Basert på dokumenterte og anerkjende metodar for å fremje sosial kompetanse og førebyggje åtferdsproblem hos born i alderen 3-8 år.

n Foreldre lærer å handtere barna på ein positiv måte, rose og oppmuntre når borna gjer noko bra i staden for å kjefte når dei gjer noko negativt.

n Kurrserien er utvikla av Carolyn Webster-Stratton i Seattle, og kom til Noreg i 1997. Først brukt i Tromsø, og overført til norske forhold med professor Willy-Tore Mørch i spissen.

n Les også nettsidene deutroligearene.no

HARMONISK: ¿ Kursleiarane fokuserte på at me ikkje hadde gjort noko feil, men at me var der for å fokusera på noko positivt, nemleg borna våre, seier Camilla Øvretveit Tredal og Knut Ole Tredal. Dei synest heile familien er meir harmoniske og at kvardagen fungerer betre etter at dei gjekk på kurs. Jacob (7) og Hedda (20 mnd) gledde seg til hyttetur då BT møtte dei. FOTO: MARTE ROGNERUD