Han vart døypt Lars Olof Harry Thunberg i Stockholm i 1957, men alle kalla han berre Love — uttalt som det norske verbet love.

— Det byrja med at naboguten ikkje klarte å uttale namnet mitt. Så når han ringde på døra, spurde han etter Love, forklarar svensken, som arbeider som snikkar i Bergen.

— Sidan var eg Love overalt. På skulen, på jobben, heime. Ingen visste kven Lars Olof var.

Først i 1986 tok han steget fullt ut, og endra namnet offisielt. I dag er hans fulle namn Love Olof Harry Thunberg.

— Eg fekk berre ta bort Lars, seier han.

— Men eg fekk idéen då artisten Ulf Lundell ville kalle sonen sin Love. Så vidt eg hugsar, vart det først bråk, men han fekk namnet gjennom til slutt.

Den gongen visste han ikkje om andre namnebrør enn Love Lundell. Men gutenamnet fekk ein skikkeleg oppsving på 80- og 90-talet, og i dag heiter 3392 svenskar Love.

— Plutseleg var vi mange, og eg tenkte ikkje lenger over det. Kompisen min døypte nyleg ungen sin Love.

— Er det eit bra sjekketriks å presentere seg på engelsk?

— Nei, men på gøy kallar damene meg Løvv , ler han.

I Roland Ottarbjörks bok «Svenska förnamn» frå 1979 står det at namnet Love er kjend sidan 1700-talet. Opphavleg er det ei svensk kjæleform for Louis, som er ein variant av Ludvik.

SKIFTA NAMN: Heilt sidan han var liten, kalla alle han Love. For atten år sidan skifta han derfor namn til Love Olof Harry Thunberg. Namnet er blitt svært populært i Sverige, men her i landet har vi berre sju Love'r.<p/>FOTO: TOR HØVIK