I dag er nøyaktig halvparten av lærarane i den vidaregåande skulen over 50 år. Om 10-15 år vil alle gå av med pensjon, viser en fersk rapport frå NIFU STEP.

Til samanlikning er berre fem prosent av lærarane under 30 år gamle. Over 4000 lærarar har blitt spurt i undersøkinga.

— Før var det kø

Det er særleg blant realfagslærarane at det vil bli mangel. Færre studerer realfag på universitetsnivå, og dermed blir det også færre realfagslærarar.

Leiar i Norsk Lektorlag i Hordaland, Svein Einar Bolstad, meiner utdanningsnivået blant lærarane går nedover.

— Den norske skulen blir tappa for fagfolk. Dei eldste har den høgaste utdanninga, og blir etter kvart erstatta av folk med lågare utdanning. Det gjeld særleg realistar, men også språklærarar, seier Bolstad. Han er sjølv 60 år, og har starta å tenkje på å gje seg frå lærarjobben på Sotra vidaregåande skule.

— Før var det kø for å kome inn på pedagogisk seminar. No er det svært få som utdannar seg til eit yrke i den vidaregåande skulen, seier Bolstad.

Hoppar av realfag

Sjølv om fleire elevar på vidaregåande vel realfag, trur ikkje Bolstad det vil hjelpe.

— Styresmaktene bør ikkje vere så sikre på at det fører til nok folk i skulen om sju-åtte år. Det er for dårlege vilkår for lærarar til det.

I august kom Statistisk sentralbyrå med ein rapport som viste at halvparten av elevar med realfag frå vidaregåande, valde å studere realfag på universitet. Resten valde fag som til dømes økonomi og medisin.

Helga Hjetland, leiar i Utdanningsforbundet, meiner snittalderen blant lærarane særleg er eit problem på vidaregåande.

— Talet på nyutdanna lærarar går ned på landsbasis, både for grunnskulen og vidaregåande. Snittalderen er generelt høg blant lærarar, men særleg bekymringsverdig på vidaregåande, seier Hjetland.

Dørbanking

Ventelistene for å kome inn på praktisk-pedagogiske utdanninga (PPU) ved Universitetet i Bergen er ikkje særleg lang. Dei aller fleste lærarane i den vidaregåande skulen blir rekruttert frå universiteta sine PPU-kurs.

— Vi kunne ønskje oss fleire søkjarar. Talet hos oss er stabilt, men fråfallet av dei som har begynt som lærarar er stort, seier professor i pedagogikk ved Universitetet i Bergen, Kari Smith.

Ein fjerdedel av dei som byrjar på utdanninga, er ikkje sikre på at dei vil starte som lærarar, viser forsking ved UiB. Samtidig sluttar opp mot ein fjerdedel av dei som har begynt som lærarar.

— Vi veit at snittalderen er høg. Krisa står og bankar på døra, trur Smith.