Det viser Møreforsking Volda si kartlegging av erfaringane til dei 202 barne— og ungdomsskulane som starta opp med heile eller delar av Kunnskapsløftet hausten 2005. Kartlegginga er utført på oppdrag for Utdanningsdirektoratet.

Eit viktig mål i reforma er at IKT skal gjennomsyra alle fag i skulen. Alle elevar skal ha grunnleggjande dataferdigheiter.

— Lærarane treng heilt klart kompetanseheving på IKT-området, både teknisk sett og pedagogisk for å nå dette målet. I tillegg har mange skular eit skrikande behov for meir og betre datautstyr, seier prosjektleiar Randi Bergem.

Større krav til læraren

Andre sentrale funn i rapporten er:

  • Fridomen og fleksibiliteten i utforming av læreplanar blir for det meste vurdert som positiv. Mange lærarar føler at dei meistrar dei utfordringane og moglegheitene som ligg i dette.
  • I tillegg til kompetanseheving på IKT-området, ønskjer mange lærarar meir kompetanse når det gjeld elevvurdering.
  • Foreldra er informerte om reforma, men har i liten grad blitt involvert i førebuingar og planlegginga av arbeidet med ny læreplan.
  • Den auka fridomen og fleksibiliteten i Kunnskapsløftet stiller større krav til læraren. Det ser ut til at dette blir ei større utfordring for allmennlærarar enn faglærarar, sidan allmennlærarar har så mange ulike fag.
  • Kunnskapsløftet gir større utfordringar for elevar som byter skule og for vikarlærarar, ettersom skulane i større grad sjølve utformer innhaldet på det enkelte skuletrinn.

Lærarane positive

Kunnskapsløftet blir godt mottatt blant skulane som alt har innført reforma.

— Det er lite jamring å spora blant lærarane, dei aller fleste er positive. Mange har tenkt tankane før, og ser på Kunnskapsløftet som ei stadfesting av trendar og tendensar som alt eksisterer i samfunnet, seier Bergem.

Hop ungdomsskole og Kjøkkelvik skole er blant skulane som alt er med i Kunnskapsløftet.

— Det blir lagt stor vekt på samarbeid mellom lærarane på kvart enkelt trinn, i tillegg til styrking av det enkelte fag. Det synest me er ein positiv måte å arbeida på, seier rektor ved Hop ungdomsskole, Reidun Grønstøl.

Ifølgje rektor ved Kjøkkelvik skole, Helge Monrad Haaland, ligg dei godt an i løypa.

— For oss er det ikkje så mykje nytt i reforma, me har jobba med ein god del av dette i eit par år alt. Me synest det er rett veg å gå, og har inntrykk av at grunnskulen er godt rusta til å setja i gang, seier han.

- Blir løyvd pengar

Han vedgår likevel at IKT-området er ei utfordring.

— Det er nok den digitale kompetansen det skortar mest på. Me synest det er spennande, men treng meir kursing, seier Haaland.

Avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet, Laila Fossum, synest kartlegginga gir godt håp for framtida.

— Det er viktig å understreka at dette berre er ei kartlegging, og ikkje ein forskingsrapport. Når det er sagt, gler me oss over at det ser ut som at læreplanane blir godt mottatt. Me registrerer at det særleg er behov for å auka datakompetansen, men det blir løyvd mykje pengar til dette over statsbudsjettet, seier Fossum.