Det var på KS Landsting Kjell Magne Bondevik i går fortalte at regjeringa om få veker set ned ein Lokaldemokratikommisjon. Med representantar frå parti, kommuner og akademia skal kommisjonen gje svar på kvifor stadig færre røystar ved lokalvala.

I eit etterfølgjande innlegg hadde Jonas Gard Støre, som er innleigd som utgreiar for KS, eit klart svar:

— Veljarane er ikkje dumme. Dei skjønar kvar det er viktig å stemme, òg for saker som har konsekvensar på lokalplan, sa han, og viste ein grafisk framstilling av skilnaden på stemmegjeving i stortings- og lokalval. Folk stemmer på det organ som har pengane og makta, var Gard Støres bodskap.

Støre såg for seg ei framtid der stadig fleire oppgåver vart flytta opp til staten, fordi det er her pengane er.

Statsministeren åtvara kommunepolitikarane i salen mot å la vere å gjere endringar som får til balanse mellom kommunale oppgåver og budsjett. Til liks med Gard Støre meiner han kravet om sterkare statleg styring vil auke om ikkje noko blir gjort:

— De må stå opp folkens, før det er for seint, sa Bondevik, og held fram:

— Vi må ikkje stille oss slik at vi let dei som ønskjer meir statleg styring få gjennomslag.

Bondevik peka spesielt på at norske kommuner har gjort lite for å få til samarbeidsløysingar på tunge kjerneområder som skule, helse, pleie og omsorg.

— Der kan eg ikkje sjå kommune-Noreg hittil har mange konkrete resultat å vise til, sa Bondevik.