I 2000 sende 8010 norske dagmammaer inn lønsoppgåver, viser tal BT har henta inn frå Skattedirektoratet. I fjor var talet redusert til 5488, ein nedgang på heile 31 prosent.

— Eit høgt tal, medgir avdelingsdirektør i Skattedirektoratet, Lars Nilsen.

Statistikken fortel ingenting om årsakene til den markante nedgangen i kor mange dagmammaer som betalar skatt.

Men forklaringa må vere at langt færre jobba som dagmamma i 2002 - eller at langt fleire dagmammaer opererte svart. Eller ein kombinasjon av desse to.

- Skuffande

— Det er ikkje godt å vite. Men eg fryktar at dette betyr at fleire jobbar svart, seier ein overraska likningssjef i Bergen, Svein Røynesdal, til BT.

— I så fall er det skuffande, og svært kortsiktig tenkt. Ikkje berre fordi svart arbeid har samfunnsmessige konsekvensar. Også fordi det å motta løns- og trekkoppgåve har store fordelar, blant anna ved sjukdom.

Det finst ingen oversikt over kor mange dagmammaer som jobbar svart i Norge.

— Er svart arbeid akseptert i denne yrkesgruppa?

— Dette er ikkje noko trekk ved denne yrkesgruppa spesielt. Trass alt har over 8000 halde seg til regelverket. Nedgangen kan også skuldast mindre etterspørsel etter dagmammaer, svarar Nilsen.

Professor ved Institutt for samfunnsøkonomi i Bergen, Sigve Tjøtta, tvilar på at nedgangen skuldast at fleire jobbar svart.

— Eg ser ingen grunnar for det, ettersom skatteregelverket er gjort enklare og dagmammaer får pensjonspoeng. Eg trur heller at behovet for dagmammaer er gått ned, både som følgje av barnehageutbygging og kontantstøtte.

Jobbar mindre

Tjøtta viser til ein ny doktorgrad av forskar Ghazala Naz ved Universitetet i Bergen, som viser at særleg høgt utdanna kvinner vel å jobbe mindre utanfor heimen på grunn av kontantstøtta. Dermed minkar også behovet for kjøp av eksternt barnepass.

— Det er likevel vanskeleg å forklare den store nedgangen i 2002. Den kan vere tilfeldig, seier Tjøtta.

Også Mimi Bjerkestrand, leiar for Seksjon barnehage i Utdanningsforbundet i Hordaland, trur at etterspørselen etter dagmammaer er blitt mindre.

— Behovet blir redusert i takt med utbygging av barnehageplassar. Alle undersøkingar viser at foreldre primært ønskjer barnehageplass, seier Bjerkestrand.

Bruken av dagmammaer auka etter at kontantstøtta vart innført, konkluderte ein 2001-rapport frå Norges forskingsråd, som anslo at kring 24.000 av landets eitt- og toåringar har dagmamma.

Av 5000 nye barnehageplassar dei siste åra er drygt 4200 for barn over tre år.