Langsint på Gahr Støre
- Eg er framleis langsint på Jonas Gahr Støre. Tiltrua til han er på nullpunktet, seier Oddny Miljeteig.
- Publisert: 21.apr.2006 06:00
- Oppdatert: 21.apr.2006 06:40
Den lokale SV-koryfeen i Bergen tykkjer det knirkar både her og der i
trepartiregjeringa som i går feira seg sjølv.
Det er
utanriksminister Gahr Støre som har terga SV-arar sterkast. Først galdt det
måten han sette partileiar Kristin Halvorsen på plass i samband med den
planlagde boikotten av israelske varer. Dernest terga han like mange i SV
ved å varsla stans i norsk bistand til palestinarane etter at Hamas kom til
makta.
- Eg tykkjer at Kristin fekk altfor hard medfart både av
utanriks- og statsministeren, når vi veit kor ryddig ho alltid er. Det er
rett nok for tidleg å dela ut attestar, men Gahr Støre får inga stjerne i mi
bok, seier Åge Chr. Jacobsen som er leiar i Bergen SV.
Også
arroganse
Oddny Miljeteig, som er gruppeleiar for SV i bystyret,
ristar også på hovudet over arbeids- og sosialminister Bjarne Håkon Hanssen:
- I asyl- og integrasjonspolitikken prøver han å konkurrera med Frp, og i
kampen mot fattigdom har han vist ein arroganse som ikkje kler ei raudgrøn
regjering, seier ho.
Heller ikkje statsministeren går fri, etter
hennar skjøn:
- Eg har til gode å sjå at Jens Stoltenberg ser
like mykje til ministrane frå dei to andre partia som til sine eigne. Eg
hadde venta betre frå den kanten, er orda ho brukar.
Jubileum med bismak?
I samband med halvårsjubileet har Bergens
Tidende prøvt å finna ut om det i SV-augo gjeld eit jubileum med bismak.
Stortingsrepresentant Ågot Valle er den av dei tre som truleg er mest nøgd
med samarbeidet. Ho vil ikkje høyra snakk om nokon «bismak», for
regjeringssamarbeidet har gitt fleire sigrar enn nederlag i SV si vektskål.
Det same meiner både Miljeteig og Jacobsen. Han på si side har ikkje noko
ønskje om at SV skal trekkja seg frå samarbeidet. Både Valle, Jacobsen og
Miljeteig ramsar opp viktige vedtak som er direkte resultat av at SV har
fått gjennomslag: forvaltningsplanen for Barentshavet, barnehagesatsinga,
reverseringa av «brutaliseringa» i arbeidslivet - og ikkje minst at
regjeringa stansa «kommersialiseringa av skulen», som Miljeteig nemner.
- Etter alt det som er skjedd tykkjer eg at delar av pressa har vore
overraskande fair mot SV! seier Jacobsen underfundig.
- Ap må
læra å samarbeida
Sjølv om også Ågot Valle har vore «svært
usamd» med Gahr Støre, meiner ho at SV har vunne meir enn det har tapt i
utanrikspolitikken. Ho kallar han «svært dyktig», og «han er ein person det
går an å snakka med.»
Valle meiner at
læringsprosessen for SV, som ferskt regjeringsparti, har vore særs
krevjande.
- Som eit «annleis» parti kan vi likevel ikkje læra så
fort at vi gløymer særpreget, legg ho til.
Miljeteig er
samd, og minner elles om at det er første gong sidan 1928 at eit
systemkritisk parti har fått regjeringsmakt i Noreg. Det er i seg sjølv eit
vendepunkt.
Ho har og ei viktig bøn til Arbeidarpartiet:
- Der i garden må dei læra seg å samarbeida. Skal vi få ein god
samarbeidskultur mellom dei tre partia, må alle visast gjensidig respekt og
bli høyrde på same måten. Ein behandlar ikkje ein regjeringskollega på den
måten som Kristin Halvorsen opplevde det i boikottsaka. Eg er framleis
langsint på Gahr Støre og Ap-leiinga etter den episoden!
Søk i skattelistene Topplister
3 mest leste artikler »
-
Ble sendt hjem til søppelhaug
Alvorlig syk mann ble sendt hjem til dette huset. Sykehuset tar ikke selvkritikk.
-
Vestlandet på Google-kartet
Vestlandet er for alvor satt på Google-kartet. Se bildene her.
Hva koster egentlig nabohuset ditt?
Her kan du finne det ut! Prøv vårt boligsøk.
Følg alle skip direkte
Bt.no har mange digitale tjenester. Her kan du følge skipstrafikken i Hordaland minutt for minutt.
På forsiden nå
- 16:17 Branns sesongkortsvikt
- 16:16 - Hvem satte fyr på seilbåten?
- 15:14 30 døde i snøskred i Afghanistan
- 14:52 Gravid kvinne i kollisjon
- 14:12 Sol og skyer holder «giftlokket» unna
- 13:27 Avhoppere satser stort på Bryggen
- 13:12 Døde av overdose
- 12:35 Tilfeldig møte
- 12:18 Evakuert fra stanken
- 12:10 Timosjenko raser mot valgresultatet

























































