• Eg er framleis langsint på Jonas Gahr Støre. Tiltrua til han er på nullpunktet, seier Oddny Miljeteig.

Den lokale SV-koryfeen i Bergen tykkjer det knirkar både her og der i trepartiregjeringa som i går feira seg sjølv.

Det er utanriksminister Gahr Støre som har terga SV-arar sterkast. Først galdt det måten han sette partileiar Kristin Halvorsen på plass i samband med den planlagde boikotten av israelske varer. Dernest terga han like mange i SV ved å varsla stans i norsk bistand til palestinarane etter at Hamas kom til makta.

— Eg tykkjer at Kristin fekk altfor hard medfart både av utanriks- og statsministeren, når vi veit kor ryddig ho alltid er. Det er rett nok for tidleg å dela ut attestar, men Gahr Støre får inga stjerne i mi bok, seier Åge Chr. Jacobsen som er leiar i Bergen SV.

Også arroganse

Oddny Miljeteig, som er gruppeleiar for SV i bystyret, ristar også på hovudet over arbeids- og sosialminister Bjarne Håkon Hanssen:

— I asyl- og integrasjonspolitikken prøver han å konkurrera med Frp, og i kampen mot fattigdom har han vist ein arroganse som ikkje kler ei raudgrøn regjering, seier ho.

Heller ikkje statsministeren går fri, etter hennar skjøn:

— Eg har til gode å sjå at Jens Stoltenberg ser like mykje til ministrane frå dei to andre partia som til sine eigne. Eg hadde venta betre frå den kanten, er orda ho brukar.

Jubileum med bismak?

I samband med halvårsjubileet har Bergens Tidende prøvt å finna ut om det i SV-augo gjeld eit jubileum med bismak. Stortingsrepresentant Ågot Valle er den av dei tre som truleg er mest nøgd med samarbeidet. Ho vil ikkje høyra snakk om nokon «bismak», for regjeringssamarbeidet har gitt fleire sigrar enn nederlag i SV si vektskål.

Det same meiner både Miljeteig og Jacobsen. Han på si side har ikkje noko ønskje om at SV skal trekkja seg frå samarbeidet. Både Valle, Jacobsen og Miljeteig ramsar opp viktige vedtak som er direkte resultat av at SV har fått gjennomslag: forvaltningsplanen for Barentshavet, barnehagesatsinga, reverseringa av «brutaliseringa» i arbeidslivet - og ikkje minst at regjeringa stansa «kommersialiseringa av skulen», som Miljeteig nemner.

— Etter alt det som er skjedd tykkjer eg at delar av pressa har vore overraskande fair mot SV! seier Jacobsen underfundig.

- Ap må læra å samarbeida

Sjølv om også Ågot Valle har vore «svært usamd» med Gahr Støre, meiner ho at SV har vunne meir enn det har tapt i utanrikspolitikken. Ho kallar han «svært dyktig», og «han er ein person det går an å snakka med.»

Valle meiner at læringsprosessen for SV, som ferskt regjeringsparti, har vore særs krevjande.

— Som eit «annleis» parti kan vi likevel ikkje læra så fort at vi gløymer særpreget, legg ho til.

Miljeteig er samd, og minner elles om at det er første gong sidan 1928 at eit systemkritisk parti har fått regjeringsmakt i Noreg. Det er i seg sjølv eit vendepunkt.

Ho har og ei viktig bøn til Arbeidarpartiet:

— Der i garden må dei læra seg å samarbeida. Skal vi få ein god samarbeidskultur mellom dei tre partia, må alle visast gjensidig respekt og bli høyrde på same måten. Ein behandlar ikkje ein regjeringskollega på den måten som Kristin Halvorsen opplevde det i boikottsaka. Eg er framleis langsint på Gahr Støre og Ap-leiinga etter den episoden!