Utbetring av E16 ei rekke stader fører til vegstenging i lange periodar om nettene. Køyredoningar av ulik storleik ventar i timevis. Ein bilist fortel om til saman fire og ein halv time framfor tre ulike sperringar med manuell dirigering. Han skulle rett nok frå Bergen til Sogndal og vart overraska av ein stengd Fodnestunnel på riksveg 5 også.

Samordning manglar

Statens vegvesen vert kritisert for total mangel på samordning mellom distriktskontora på Voss og i Sogn. Særleg er det uheldig at Hettatunnelen ved Stanghelle kan passerast klokka 01.40 og Flengjatunnelen ved Flåm klokka 02.00. Det trengst ein time lenger å køyra strekninga mellom dei to tunnelane. Neste opningstid i Flåm er klokka 05.00.

Tilpassa togtider

Ingen av byggjeleiarane er villige til å endra opningstidene.

— Vi kan ikkje framskunda opningstida til klokka 00:40 på grunn av godstogtrafikken, seier Sigmund Gjernes ved distriktskontoret på Voss.

Han forklarer at arbeidet ved Hettatunnelen omfattar fjellsprenging berre 20 meter frå jernbanetunnelen som ligg litt lengre inne i fjellet. For kvar sprenging må jernbanetunnelen inspiserast og eventuelle skader utbetrast før neste godstog kjem – i tillegg til ordinær opplasting og bortkøyring av steinmassar på vegen.

Klokka 04.05 om natta er neste opningstid ved Stanghelle, for dei bilane som har stilt seg i kø. Også dette tidspunktet er bestemt ut frå togtabellen, litt for seint til å nå Flåm til klokka 05.00.

På etterskot

Entreprenøren som driv med sprenging i Flengjatunnelen har problem med å halda unna for entreprenøren som kjem etter med tunnellys og elektronikk. For tida er dynamittmannen inne i ein periode med risiko for dagmulkt.

— Vi har ikkje høve til å endra stengingsregimet i entreprenøren sin disfavør. Marginane er knappe nok som dei er, seier prosjektleiar Kolbjørn Nord i Sogn.

Han minner om at oppgraderinga av Flengjatunnelen vart avtalt først.

Hardanger løysinga

Begge prosjektleiarane er overraska over at svært mange transportørar heller vil venta ved vegsperringane på E16 enn å køyra via Hardanger. Omvegen tek 45 minutt ekstra, men då unngår ein Hettatunnelen og kan tilpassa seg opningstidene i Flengjatunnelen.

Riksveg 5 langs Hardangerfjorden fekk ei mindre utbetring då Helletunnelen og Dalevågtunnelen vart opprusta, men var heller ikkje den gongen møtt med entusiasme. I desse to tunnelane vert det no gjort etterarbeid sidan Hettetunnelen likevel er periodevis stengd.

TERN-opprusting

E16 inngår i Trans European Road Network (TERN) og Flengjatunnelen er blant dei første som vert rusta opp til nye krav, rett og slett fordi han var dårlegast i utgangspunktet.

— Vi kan diverre ikkje gjera noko med stigning og kurvatur, men det blir investert meir enn 100 millionar kroner her, seier Nord.

12 nye havarinisjer vert sprengt ut i den fem kilometer lange tunnelen. Alt av lys, ventilasjon og naudutstyr vert bytt ut. Også 20.000 kvadratmeter PE-skum (polyetylen) vert bytt ut med plater påsprøyta eit minst seks centimeter tjukt lag betong for å eliminera brannfaren. Arealet svarar til innmarka på ein middels vestlandsgard.