Ei god veke etter at Redningsselskapet har fått nytt styre, bryggjer det opp til ny strid. Måndag blei leiarane for alle distrikta varsla på telefon om at det skal vere landsrådsmøte fredag 3. februar. Møtet kjem som ein konsekvens av at fem distrikt har reist krav om det.

— Mellom sakene som skal opp, er å gje fungerande generalsekretær Kjell Brevik avskjed, seier Marie Kleppa. Ho er nestleiar i landsrådet og distriktsleiar i Rogaland.

— Kva er årsaka?

— Landsrådet har avgjort å gjennomføre ei ekstern gransking av selskapet. Dette har Brevik lagt hindringar i vegen for, mellom anna ved å setje tak på kostnadene. Dei som skal gjennomføre granskinga, har knapt pengar å arbeide for.

Varsla på telefon

Dei 13 leiarane for distrikta utgjer landsrådet. Dette er dei same som utgjorde det ekstraordinære landsmøtet 14. januar, der det etter kaosliknande tilstandar til slutt lukkast å få valt nytt sentralstyre.

Så langt er det ikkje sett opp saksliste for landsrådsmøtet, men frå ulike kjelder får Bergens Tidende stadfesta at konflikt mellom rådet og Brevik om den eksterne granskinga har ført til at fleire rådsmedlemer krev generalsekretærens avgang. Den høge kompensasjonen Brevik får for å fungere som generalsekretær, 10.500 kroner dagen, skal også vere medverkande.

Leiaren i landsrådet, Niels Christian Bang, er mellom dei som har reist krav om ekstraordinært landsråd. Han ønskjer ikkje å uttale seg om det kommande møtet. Bang svarar «ingen kommentar» då Bergens Tidende spør han om det er korrekt at landsrådet skal diskutere om dei skal gje Brevik avskjed.

Marie Kleppa kommenterer derimot fritt det kommande møtet:

— Dei som vil seie opp Brevik er i utgangspunktet dei same rådsmedlemene som ønskte at Gunnar Knutsen skulle bli ny president, seier Kleppa.

— Er det fleirtal i rådet for å gje Brevik avskjed?

— Ja, slik eg forstår stemninga er det åtte eller ni medlemer av rådet som går inn for dette.

- No treng vi ro

Men ei avstemming om framtida for generalsekretæren kan bli jamnare enn det nestleiaren frå Rogaland ser føre seg. Bergens Tidende var i går ettermiddag i kontakt med ei rekkje rådsmedlemer. Fleire av dei som støtta Knutsens presidentkandidatur på det ekstraordinære landsmøtet, er skeptiske til at landsrådet no skal avsetje Brevik.

— Eg var ikkje einig i det som skjedde på landsmøtet. Men når valet var gjort, respekterer eg utfallet. No må styret få ro til å arbeide, seier distriktsleiar Kjell Pedersen i Finnmark.

— Har landsrådet noko å gjere med å sparke eller for den saks skuld tilsetje generalsekretær?

— Etter mitt syn er vel det ganske tvilsamt. Forholdet til generalsekretæren er slik eg ser det ei styresak, seier Pedersen.

Andre meiner derimot landsrådet har høve til å gjere eit slikt vedtak.

— Landsrådet kan instruere styret, seier distriktsleiar i Trøndelag, Arild Lysø.

MEIR BRÅK: Landsrådet har avgjort å gjennomføre ei ekstern gransking av selskapet. Dette skal Gunnar Brevik (i forgrunnen) ha lagt hindringar i vegen for, mellom anna ved å setje tak på kostnadene. Det skal vera årsaka til at Landsrådsmedlemer vil fjerne den fungerande generalsekretæren I redningsselskapet. ARKIVFOTO: SCANPIX