Prosjektet har mest ein symbolverdi. Vi forstår at dette ikkje er gjort på ein-to tre, vedgår banevenene Klaus Rasmussen og Bjørn Otto Wallevik.

Dei meiner at trappa må vera den lengste i landet, og røper at Linda Eide har attraksjonen på lista si for neste programserie.

Uviss framtid Gamle Bjølvo kraftverk i Ålvik er mellombels verna. Den spektakulære trallebanen som går attmed det stupbratte tilløpsrøyret for vatn, står likevel i fare for å verta rive, og erstatta med veg til fjells.

Trallebanens vener i Ålvik (TVÅ) meiner banen i staden må rustast opp så kraftig at den kan brukast i reiselivssamanheng. Pengane det kostar å riva banen, om lag 60 millionar kroner, kan dekka ein del av kostnaden. Venene innser likevel at dette er eit krevjande prosjekt som vil ta fleire år, og utfordra mange nivå i lokal og statleg forvaltning.

Dugnad I mellomtida vil dei gå i gang med reparasjon av trappa, trin for trinn, og reetablera den gamle vegen til fjells. I eit brev til Statkraft ber TVÅ om tilslutnad til ideen.

Dei vil gjerne starta opp allereie denne sommaren, og ser gjerne at Statkraft stiller med litt material til dugnaden.