Den første taparen kan bli det store statsdominerte norske fiskefôr— og oppdrettsselskapet Cermaq, som nett no bur seg på børsnotering.

Målet er å vere notert på Oslo Børs innan neste månad er omme. I dag eig staten cirka 80 prosent av aksjane, etter børsnoteringa skal fleirtalet av aksjane vere på private hender.

Floke for børsnotering

Cermaq har lenge leita etter det rette tidspunktet for å bli børsnotert. I vinter kom selskapet til at det såg ut til å lysne for oppdrettsnæringa. Prisen for oppdrettslaks tok seg opp, og tida var inne.

Men denne veka har moglege investorar fått eit brutalt varsel om kor stor politisk utryggleik som kviler over oppdrettsnæringa.

Rett nok vil ikkje EU-kommisjonen ha heile 25 prosent straffetoll på importert laks til Chile, slik dei første informasjonane kunne tyde på.

Tollen kommisjonen gjer framlegg om svarar til cirka tre kroner per kilo. Med utgangspunkt i dagens laksepris svarar til det ein tollsats mellom 12 og 13 prosent.

Men ein slik toll er meir enn nok til å utgjere eit alvorleg trugsmål mot lønsemda for oppdrettarane. I dei 200 dagane tollen eventuelt skal vare vil den utgjere ein kostnad på nesten ein halv milliard kroner.

Prispress

I tillegg kjem faren for at prisane skal verte pressa ned i andre marknader, som Russland og Asia, når norske oppdrettarar får vanskar med å konkurrere i EU og må eksportere meir til andre stader.

Oppdrettsnæringa er på felgen etter tre elendige år på rad. Storbanken Nordea har rekna ut at eigenkapitalandelen er så låg som mellom null og ti prosent.

Bankane er skremde over dei store tapa i oppdrettsnæringa, og krev ein kraftig og rask auke i eigenkapitalen, så kraftig at det er lite truleg at oppdrettarane greier å tene nok, fort nok.

Dermed må oppdrettarane leite etter friske pengar frå investorar med vilje til å satse på oppdrett.

Tida kunne vere inn no.

Teikna på eit oppsving for næringa har vore der sidan i vinter, nett slik Cermaq-styret truleg har tenkt.

Men no melder NTB at dei søreuropeiske EU-landa kan kome til å støtte kravet om straffetoll på laks i bytte mot støtte til eit krav om toll på eller andre vernetiltak for deira eigen sko- og tekstilindustri.

Når verdien av ei eventuell investering i norsk oppdrett kan bli øydelagt av ein hestehandel i Brussel, kven vil satse på oppdrett då?