Reinsekostnadene er halvert på få år, i fylgje administrerande direktør Viggo Halset i Nutreco Aqualculture Research Center.

Nutreco eig Skretting, som saman med konkurrentane Ewos og Biomar, dominerer verdsmarknaden for fôr til oppdrettsnæringa.

Kostnadsreduksjonen skuldast delvis at giftinnhaldet i fôret allereie er redusert dei siste åra, slik at det er mindre mengde fiskeolje som må reinsast for å bli kvitt miljøgiftene.

Dessutan har mellom anna arbeidet som Åge Oterhals og Fiskeriforskning har gjort (Bergens Tidende i går) gitt ny kunnskap om korleis laksefôret skal reinsast slik at nesten alle miljøgiftene vert fjerna.

— Vi veit mykje meir no enn vi visste for få år sidan, seier Halset.

Usikker på betalingsviljen

Men sjølv om kunnskapen har auka og kostnadene har gått ned er Halset usikker på om oppdrettsnæringa vil betale for investeringar i nye reinseanlegg, så lenge mengda miljøgifter ligg under dei grensene styresmaktene i EU og Noreg har sett. I dag har får fôrprodusentane ikkje noko igjen for å reinse fôret meir enn det som allereie blir gjort.

— Viss du ikkje får flytta desse kostnadene ut i verdikjeda så stoppar det opp, seier Halset.

Han trur strengare miljøkrav frå styresmaktene vil vere den viktigaste drivkrafta for ytterlegare reinsing av fôret.

Kutta 70 prosent

Halset seier Skretting, til dømes, har redusert innhaldet av miljøgifter i fôret med 70 prosent sidan 2001.

Reduksjonen har tre årsaker: Større bruk av planteråstoff i fôret, at fôrprodusentane har blitt meir omhyggelege med å velje fiskeolje med lågare giftinnhald, og at danske fiskeoljeprodusentar har byrja å reinse fiskeolje - som er hovudkjelda for miljøgiftene i fôret.

Konsekvensen er i fylgje Halset at helsegevinsten ved ytterlegare reinsing ikkje er like stor som den var. Men samstundes er altså kostnaden ved å få fôret så reint som råd er redusert fordi den reinsinga som må til er mindre omfattande enn før.

Blussa opp

Diskusjonen om reinsing av laksefôret har blussa opp etter at Dagsavisen (feilaktig) skreiv at ei amerikansk forskargruppe i ein artikkel i tidskriftet «Journal of Nuitrition» rår folk til å ikkje ete norsk og annan europeisk oppdrettslaks meir enn tre gonger i året på grunn av kreftfaren frå miljøgiftene pcb og dioksin i laksen.

Amerikanarane er sterkt kritisk til innhaldet av miljøgifter, og peikar på at både chilensk oppdrettslaks og vill stillehavslaks har mindre miljøgifter i seg enn europeisk og norsk oppdrettslaks.

Likevel konkluderer dei med at helsegevinsten i form av færre dødelege hjarteinfarkt ved å ete eitt måltid europeisk eller norsk oppdrettslaks i veka er 300 gonger større enn gevinsten i form av færre krefttilfelle ved å la vere.

KAN FJERNE ALL GIFT: Forskar Åge Oterhals har påvist korleis så å seie all miljøgift kan fjernast i oppdrettslaks ved å reinse fiskefôret. Det vil koste 150 millionar kroner i året.
TOR HØVIK