VIDAR YSTAD vidar.ystad@bt.no Oslo

Det skjedde då Stortinget seint på kveld fredag banka igjennom eit vedtak under behandlinga av revidert nasjonalbudsjett.Den tidlegare Sp-leiaren, Lahnstein, som nå forlet Stortinget etter 16 år, røysta saman med Ap — og mot sitt eige parti - i saka. Ho har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.Stridstemaet galdt statsråd Kosmo sin instruksjon av Konkurransetilsynet i spørsmålet om behandlinga av ein mogeleg fusjon mellom Kværner og Aker Maritime.Med 69 mot 45 røyster vedtok nå Stortinget å pålegge regjeringa fylgjande: "legge fram en gjennomgang av hvordan kontakten mellom departement og konkurransetilsyn har vært praktisert og forslag til regelverk for denne kontakten for framtiden i forbindelse med statsbudsjettet for 2002." Vedtaket er ein klar korreks til Kosmo. Bakgrunnen for vedtaket er at Bergens Tidende avdekka at Kosmo munnleg hadde instruert Konkurransetilsynet i saka. Det var heller ingen spor av at slik instruering hadde skjedd.