Eit hardkøyr frå Ap mot Sponheim med bakgrunn i omgjeringsvedtaket frå 1. mars i år, kan difor bli ein bumerang mot forgjengaren, Bjarne Håkon Hanssen, og Stoltenberg-regjeringa.

«Grunnlag for omgjøring»

I eit brev 14. november 2000 til Sivilombodsmannen, i Hanssen sine velmaktsdagar som statsråd, skisserer Landbruksdepartementet premissane som skal til for å omgjere vedtaket om buplikt. Her skriv Landbruksdepartementet mellom anna:

«Dersom kjøpers anførsler om at det ikke foreligger «reell etterspørsel til priser det andre lignende eiendommer omsettes for i distriktet» er korrekte, vil man neppe ha noe å «frykte» dersom Solvang averteres for salg som helårsbolig. Skulle det for eksempel etter et slikt salgsfremstøt ikke dukke opp bud i denne størrelsesorden innen rimelig tid, ville dette være et nytt moment som kunne gi grunnlag for omgjøring av departementets vedtak av 05.06.2000.»

Ideen

«Solvang» er namnet på den aktuelle eigedomen som tilhøyrer Henrik P. Thommessen. Kjøparen det blir vist til, er selskapet Solvang Fritid A/S ått av Morten og Harald Høegh, som skreiv kjøpskontrakt med Thommessen i 1998. Kontrakten vart inngått på vilkår av at eigedomen kunne seljast som fritidseigedom.

Tanken om avertering av eigedomen for sal, vart lansert av Statens Landbruksforvaltning i brev av 29/9 2000 til Landbruksdepartementet.

Siktemålet var å finne ut om det var kjøparar til eigedomen og til kva pris.

Kontraktspartane frå 1998 argumenterte først mot å legge ut eigedomen for ope sal. Dei hevda at det ville innebere at dei vart pålagd «omvendt bevisbyrde».

«Snudde på hælen»

Dei snudde likevel på hælen då dei forsto at dette kunne innebere ein opning for at departementet kunne omgjere sitt eige vedtak.

Ein av advokatane til kjøparen, skisserte så overfor Thommessen korleis ein kunne få departementet til å snu i saka — ut frå dei premissane Bjarne Håkon Hansen sitt departement hadde trekt opp.

Vedtaket vart då også omgjort fordi departementet meinte prisen som vart oppnådd ved bod frå ein interessent, var for låg.

Ola Mæle

Departementet har i den samanhengen gjort eit poeng av at Lillesand kommune sjølv skal ha lagt føringar for prisnivået gjennom behandlinga av eigedomskjøpet til finanskjedisen Ola Mæle.

I den saka gav kommunen uttrykk for at ein pris på fem millionar vart rekna som å avspegle prisnivået i området.

Den som behandla saka i kommunen den gongen, var dåverande landbrukskonsulent, Odd Steindal. Han er i dag ordførar i kommunen.

— Med «prisnivået i området» sikta vi til prisnivået i kommunen for den typen eigedom, ikkje Ågerøya spesielt. Vi hadde nettopp då behandla ei anna konsesjonssak, for ein eigedom på fastlandet med lang strandline, der prisen vart 4,2 millionar, seier Steindal til Bergens Tidende.

Dette er saka

1. mars i år omgjorde Landbruksdepartementet sitt eige vedtak frå juni 2000 om å nekte fritak for buplikt på ein eigedom i Lillesand.

Omgjeringa har resultert i eit storlaup i Stortinget mot landbruksminister Lars Sponheim. Kontrollkomiteen i Stortinget har vedteke å undersøke saka og skal i dag drøfte kva dei vidare skal gjere med saka.

Saka er ekstra pikant avdi mannen som haustar ein ekstra vinst på mange millionar kroner, er venstremannen Henrik P. Thommessen.

Insinuasjonar om kokelimonke har florert - ikkje minst etter at det vart kjent at statssekretæren til Sponheim, Leif Helge Kongshaug, har behandla saka - io strid med det han sjølv tidlegare har uttala til Bergens Tidende.

BUMERANG: Bjarne Håkon Hanssen kan få Lillesand-saka rett i fleisen.