Dette gjer LO-leiar Gerd Liv Valle klart overfor Bergens Tidende etter at LO-sekretariatet samla seg om eit kompromiss i pensjonssaka.

Det var «lange og gode diskusjonar» i sekretariatet i går, ifølgje Valla.

Pensjonskutt

LO er blitt skremd av framskrivingane som viser at talet på pensjonistar vil bli dobla frå 600.000 i dag til 1,2 millionar i 2050. Difor ser LO at det er behov for omlegging og innstrammingar i dagens ordning. Men LO vil ikkje gå så langt som Regjeringa.

Det framlegget som LO-sekretariatet nå legg fram, vil ifølgje LO sine utrekningar koste staten fire milliardar kroner meir i 2005-kroner i 2050 enn Regjeringa sitt opplegg.

— Men det har vi råd til, seier LO-leiaren. Regjeringa sitt opplegg vil gje ei innstramming på 20 milliardar i høve til ei framskriving av dagens ordning.

LO-kompromiss

Framlegget frå LO vil kombinere besteårsregelen og alle-årsregelen som grunnlag for opptening av pensjonspoeng. Dette har vore eit stridsspørsmål internt der spesielt Fellesforbundet har gått inn for å avskaffe besteårsregelen. Fagforbundet har stått beinhardt på at besteårsregelen må oppretthaldast.

Nå er denne konflikten ute, dersom LO-kongressen, som skal behandla saka andre veka i mai, fylgjer tilrådinga.

Ifølgje Valla vil LO kjempe for kongressen sitt standpunkt både i sentralstyret i Ap, der dei har tre medlemmer, og gjennom det eine sentralstyremedlemet i SV.

Men LO vil også nytte alle kanalar inn mot dei andre partia.

LO ser nå, ifølgje Valla, helst at pensjonsreforma blir behandla i vårsesjonen. Men det er avhengig av at ein får ivareteke dei viktigaste elementa i pensjonsframlegget frå LO. Det omfattar innføring av tenestepensjon for alle frå komande årsskifte.

— Går ikkje det, ser vi gjerne at dette blir ei valkampsak, slår Valla fast.

Partistøtte til Ap og SV

Eit anna stridsspørsmål som også skal opp på kongressen, er spørsmål om løyvingar til dei politiske partia.

LO meiner det norske samfunnet står ved eit politisk vegskilje: at valet til hausten blir eit val mellom ei regjering som svekkjer velferden og faglege rettar, eller ein ny kurs med ei regjering som kjempe for ei samfunnsutvikling i tråd med LO-medlemene sine interesser.

Sekretariatet går inn for å løyve 2,75 millionar kroner til Ap og 750.00 kroner til SV. Framlegget er ikkje samrøystes. Fellesforbundet sine to representantar i sekretariatet gjekk imot å løyve pengar til SV. Men berre eitt av varamedlemene til sekretariatet gjekk imot då det endelege vedtaket vart gjort.

Det er første gongen at sekretariatet går inn for løyvingar til SV. Kongressen i 2001 gjorde likevel vedtak om å løyve 500.000 kroner til SV.

Beløpa nå er ifølgje Valla «indeksregulert» i høve til 2001-løyvingane. «Indeksen» har slått noko ulikt ut, ettersom løyvinga til Ap er auka med 10 prosent medan løyvinga til SV er auka med 50 prosent.

Hagen argument for LO

— Nå tek vi konsekvensen dels av kva kongressen meinte i 2001, av det nærare samarbeidet vi har hatt med SV og planane om ei raud-grøn regjering, forklarar Valla.

Ifølgje Valla er det blitt langt mindre problematisk for LO å løyve pengar til partia etter at milliardæren Stein Erik Hagen kunngjorde at han ville gje pengar til dei ikkje-sosialistiske partia. Også innstillinga frå partifinansieringsutvalet er ifølgje Valla eit argument for slike løyvingar.

Senterpartiet, som er tredje hjul på vogna i ei raud-grøn regjering, får likevel ingen pengar av LO. Valla forklarar det dels med «historiske erfaringar», dels med at Ap og SV ligg nærare LO ideologisk, på den politiske venstresida.