— Eg trur LO sine medlemer blir veldig utslagsgivande for å få eit nytt fleirtal, seier informasjonssjef Øivind T. Hansen i LO.

Ved førre stortingsval, i 2001, røysta berre 25 prosent av LO-medlemmene som deltok i valet på Arbeidarpartiet.

Dei siste meiningsmålingane viser at 51 prosent seier dei vil røyste Ap, samstundes som færre LO-medlemer enn sist seier dei kjem til å å sitje heime valdagen, ifølgje Hansen.

Til saman har det raudgrøne regjeringsalternativet av Ap, SV og Senterpartiet støtte frå kring 75 prosent av LO-medlemene som har bestemt seg for å røyste.

Misnøye med Bondevik-regjeringa og at det denne gongen er to klare regjeringsalternativ har fått LO-medlemene som sat heime sist ned frå gjerdet.

— Vi kjem til å sjå ein heilt annan stemmeprosent. 850.000 medlemer, med familie, utgjer ei betydeleg gruppe, seier Hansen.

Hansen har vore sentral i arbeidet med å lodde stemninga hos LO-medlemene før valet. 44.000 medlemer har sendt inn over 150.000 ulike framlegg til kva LO skal prioritere.

Poenget er å skaffe LO-leiinga ammunisjon og ryggdekning frå grunnplanet i det LO-leiar Gerd Liv Valla kallar «den lange valkampen».

Med utgangspunkt i spørjeundersøkinga har LO-kongressen samla seg om fleire krav (sjå faktaramme). No krev LO at alle parti svarar på korleis dei stiller seg til LO-krava.

Svara skal LO få ut til kvar einaste medlem, lovar Hansen.

— Det er viktig for oss å gjere synleg kven som er mot oss og kven som er for oss, seier Hansen.

Han lovar at LO vil vere meir synleg i denne valkampen enn for fire år sidan.

I 2001 greidde Arbeidarpartiet å øydeleggje for seg sjølv ved å så tvil om partiet ville verne sjukelønsordninga. Straks det vart kjent at Ap-regjeringa hadde vurderte kutt i sjukeløna fall oppslutninga hos LO-medlemene kraftig. 25 prosent av LO-røystene til Arbeidarpartiet er historisk lågt, seier Hansen.

Arbeidarpartiet skal bli eit meir lyttande parti, lova dåverande partileiar Thorbjørn Jagland etter valet. Det har gitt utteljing, meiner Hansen.

— Arbeidarpartiet sin framgang no skuldast også at ein har fått større lojalitet hos LO-medlemene, seier han.