Administrasjonen i LO er i full gang med å kartlegge korleis organisasjonen kan bruke boikottvåpenet i kampen mot det den kallar sosial dumping. Velkomen etter, meiner oljearbeidarane sitt fagforbund, Nopef.

— Vi har med undring sett på at andre delar av fagrørsla i Noreg ikkje har teke dette i bruk tidlegare, seier 2. nestleiar i Nopef, Torbjørn Teigland.

Heilt sidan 1994 har Nopef hatt ein avtale som gir forbundet full innsynsrett i vilkåra til tilsette i utanlandsk selskap som vert innleigd til boreverksemda i Nordsjøen. Og dersom eit selskap ikkje gir sine tilsette lønn og arbeidsvilkår etter norske tariffavtale, har Nopef rett til å sette i gang boikott av selskapet.

Det kan til dømes seie at varer og utstyr til firmaet som vert boikotta ikkje blir lasta og lossa, og at andre tilsette på plattformene ikkje vil arbeide saman med tilsette frå det boikotta firmaet.

Lite brukt

I 99 prosent av konflikten har det ifølgje Teigland vore nok å truge med boikott, så har fagrørsla fått uviljuge utanlandske verksemder til å gi etter og innføre norske tariffvilkår.

Etter at EU vart utvida med 10 nye medlemsland i fjor, fekk firma derifrå rett til å konkurrere om oppdrag i Noreg, og lov til å ta med seg arbeidskraft løna på heimlege vilkår. På denne måten vert det norske lønsnivået sett under press.

— Det som har gått opp for LO etter kvart er at dette er eit problem dei må gjere noko med, seier Teigland.

Boikott-trugsmålet har vore eit effektivt våpen mot sosial dumping i Nordsjøen, meiner Teigland.

— Det er ikkje noko press for å få ned lønningane i Nordsjøen, seier han.

Førebur boikott

LO-nestleiar Roar Flåthen varsla i talen sin på LO-kongressen i går at LO vurdere å ta i brukt boikottvåpenet over alt der sosial dumping er eit problem.

— LO vil gjere alt for at Noreg ikkje skal bli ein arena for sosial dumping, seier Flåthen.

Boikott er ikkje det einaste virkemiddelet LO vil bruke:

  • Det viktigaste politiske kravet frå LO mot sosial dumping er kravet om full innsynsrett for tillitsvalde i alle løns- og arbeidsvilkår i bedriftene.

— Skal vi få stoppa den kyniske utnyttinga av utanlandsk arbeidskraft, må vi vite kva løns- og arbeidsvilkår dei arbeidar under, seier Flåthen.

  • Forbunda i LO har og vil krevje at tariffavtalene regulerer bruk av innleigd arbeidskraft, vikarbyrå og utsetjing av arbeid.
  • Og om alt anna slår feil, vil LO bruke lov om lovfesting av tariffavtaler. Denne lova var for første gong teke i bruk på Mongstad og seks andre oljeanlegg langs kysten i fjor. LO vil krevje at den også skal takast i bruk i byggebransjen i Oslofjord-området.
VIL HINDRE SOSIAL DUMPING: - LO vil gjere alt for at Noreg ikkje skal bli ein arena for sosial dumping, sa Roar Flåthen under LO-kongressen i går, her saman med leiar Gerd-Liv Valla.<p/> FOTO: SCANPIX