Frå før har entreprenørselskapet Veidekke og Helsebygg Midt-Norge innførd tilsvarande ordningar.

Det er kjent at til dømes polske arbeidarar i somme selskap innan bygg og anlegg som opererer i Noreg, kan ha løner heilt ned i 50 kroner timen.

— Kjempebra

— Vedtaket vårt inneber at minsteløna, også for dei som arbeider for underentrepenørar, blir på 125 kroner timen i bygg og 136 kroner timen i anlegg. Vi har berre fått positive reaksjonar, opplyser Øyvind Kvaal til Bergens Tidende. Han er direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i NCC.

— Dette er kjempebra. At NCC innfører dette både for eigne tilsette, for alle tilsette hjå underleverandørar og at det skal gjelde heile landet, vil verke til at vi får ein meir seriøs arbeidsmarknad, seier LO-sekretær, Ellen Stensrud, til Bergens Tidende.

— Velkomen etter. Vi ønskjer at fleire vil gjere det same. Vi har hatt dette prinsippet lenge, også før utvidinga av EU frå 1. mai i fjor, seier Kai Krüger Henriksen til Bergens Tidende. Han er kommunikasjonsdirektør i entreprenørselskapet Veidekke. Han opplyser at ordninga også omfattar mellombels innleigd arbeidskraft.

- Positiv smitteeffekt

Administrerande direktør Sverre A. Larssen i Byggenæringens Landsforening (BNL) seier til Bergens Tidende at han helsar vedtaket frå NCC velkomen.

Han seier også at han er nokså sikker på at dette vedtaket vil ha ein positiv smitteeffekt slik at andre verksemder vil fylgje etter. Han trur at ikkje minst handverksbedriftene, som har vore i skvis, vil gle seg over vedtaket.

— Dette er eit sterkt positivt signal om at ein ønskjer eit seriøst arbeidsliv i Noreg, seier Larssen.

Larssen legg til at det også er viktig å kontrollere kva slags andre forhold arbeidarane har, så som betaling for brakkeleige, overnatting, kost og losji. Det hjelper lite med god løn på papiret om løna blir trekt inn igjen gjennom slike tilbakebetalingar.

Må ha ID-kort

— Vedtaket vårt omfattar sjølvsagt både utlendingar og nordmenn, både innleigd arbeidskraft og underentrepenørar. Vi har også innført eit system der ingen kan vere på bygg- og anleggsplassar utan å ha eit identitetskort med foto på seg, for å betre kontrollen. Korta er også utstyrt med magnetstripe der ein kan legge inn ulike opplysningar. Vi er i dialog med Datatilsynet om korleis magnetstripa kan nyttast, opplyser Kvaal.

Kvaal stadfester at det har vore eit visst press frå organisasjonane innan NCC for å gjennomføre det lønsprinsippet som nå er innførd.

— Vi er med på prosjektet «Reint arbeidsliv». Då kan vi ikkje utsette oss for faren for kritikk for eventuelt å utnytte utanlandske arbeidarar. I lengda er etikk god butikk, seier Kvaal.

Heismontørstreiken

— Det er liten tvil om at heismontørane gjennom den langvarige streiken sin i fjor, verka til å sette fokus på problema knytt til sosial dumping; underbetaling og utnytting av utanlandsk arbeidskraft. Slik sett har heismontørane gjort ein veldig viktig innsats, seier Ellen Stensrud.

Nå imøteser LO auka innsats frå Arbeidstilsynet for å sjekke andre vilkår for innleigd arbeidskraft.

Stensrud seier at LO både ønskjer og ventar at NHO nå engasjerer seg og tek eit klart standpunkt mot sosial dumping.

— Når trykket nedanfrå blir stort, så må organisasjonen på toppen rette seg etter signala. Det gjeld både i LO og i NHO. Og eg trur at NHO nå vil justere seg, seier Stensrud.

- Heilt fint

Viseadministrerande direktør, Sigrun Vågeng, i NHO seier til Bergens Tidende at det er «heilt fint» med avgjerda frå NCC. Det er greitt at verksemder sjølv innfører slike ordningar. Det er det full fridom til.

— Vi ønskjer ikkje sosial dumping, legg ho til.

Men ifølgje Vågeng har NHO ingen planar nå om å imøtekome LO sine ønskjer om å innføre minsteløn, eller allmenngjering av tariffavtalane som gjeld innanfor kvart tariffområde.

Derimot vil NHO fortast råd kome i gang med utvalsarbeidet det vart semje med LO om i tariffoppgjeret i vår. Utvalet skal kartlegge den faktiske situasjonen når det gjeld løns- og arbeidsvilkår i bransjar der det er mange utanlandske arbeidstakarar.