Dette er klart etter at valkomiteen i Ap la fram ei samrøystes innstilling i går. Vala skjer på Ap-landsmøtet neste helg.

— Veldig tidleg i arbeidet var vi samde i valkomiteen om at den tunge LO-representasjonen i sentralstyret skulle liggje fast.

Dette opplyser leiaren i komiteen, fylkesmann Sigbjørn Johnsen.

Leiaren i Fagforbundet, Jan Davidsen, og leiaren i Fellesforbundet, Kjell Bjørndalen, skal begge halde fram i sentralstyret. Dei leier dei to største forbunda i LO. Den konstituerte LO-leiaren, Roar Flåten, overtek Gerd-Liv Valla sin plass.

I framlegget, som valkomiteen la fram i går, er fiskeriminister Helga Pedersen, oppskriftsmessig plassert som ny nestleiar etter Hill-Marta Solberg som har sagt frå seg attval.

Samstundes forlet tre andre statsrådar sentralstyret ikkje minst på grunn av kritikken mot at sentralstyret har vore for konsentrert rundt regjering/storting.

Dei tre er forsvarsminister Anne Grete Strøm-Erichsen, næringsminister Dag Terje Andersen og barne- og likestillingsminister Karita Bekkemellem.