Representantskapen i LO vedtok i går samrøystes å krevje at Kultur— og kyrkjedepartementet trekkjer tilbake dispensasjonen som opnar for å halde butikkane opne 2. pinsedag.

- Medlemene forbanna

Vedtaket i LO vart gjort utan saksbehandling og utan at framlegget var varsla på førehand. Så forbitra var representantskapen at delegatane godtok å fråvike eigne saksbehandlingsreglar for å slå til mot statsråd Svarstad Haugland si avgjerd og saksbehandling.

— Eg har sjeldan sett medlemene så forbanna, fortalde representantskapsmedlem Stein Kristiansen frå Handel og Kontor då han presenterte framlegget.

Forklaringa, som har kome frå departementet, om at dispensasjonen blei gjeven «for å ta vare på ferskvarene», hadde han ingen sans for.

— Vi trur det er mogeleg å få statsråden til å snu, ikkje minst når vi nå vender oss til og får støtte frå resten av LO-familien, seier Kristiansen.

Stoltenberg fylgde saka

Møteleiaren ville ikkje våge å sjå medlemene i handelsnæringa i auga om framlegget til vedtak var blitt avvist på formelt grunnlag, som han uttrykte det.

Vedtaket vart gjort med Ap-leiar Jens Stoltenberg og partisekretær Martin Kolberg til stades i salen som representantar for samarbeidskomiteen LO/DNA. Han kunne gle seg over mellom anna denne passusen i vedtaket:

«Angrepet på 2. pinsedag provoserer fagbevegelsen og viser hvor viktig det er med politisk skifte», heiter det i vedtaket.

Dispensasjonsavgjerda frå departementet vart gjort i mars utan at arbeidstakarorganisasjonane hadde fått høve til å uttale seg. Dei fekk først kjennskap til saka gjennom ei pressemelding frå departementet 18. mars.

Postaksjon mot Valgerd

Handel og Kontor har nå sett i gang ein landsomfattande postkort-aksjon og ein e-post-aksjon retta direkte mot statsråden. Dei har nå også i gang ein underskriftsaksjon.

«LOs representantskap registrerer at KKD ved Valgerd Svarstad Haugland uthuler ansattes rett til fritid og helligdagsfred. Via ein pressemelding den 18. mars fjernar Kirke- og kulturdepartementet med et pennestrøk helligdagsfreden for over 100.000 tilsette innen handelsnæringen» heiter det i vedtaket frå LO.

I vedtaket heiter det også at denne avgjerda frå departementet berre er eitt av ein serie åtak regjeringa har retta mot arbeidstakarane sin rett til fritid.

I debatten vart det hevda at behandlinga av denne saka viser at regjeringa har slege inn på eit to-parts-samarbeid i arbeidslivet, der arbeidstakarorganisasjonane blir kopla av.

IRRITERER LO: LO har starta ein postkort-aksjon mot statsråd Valgerd Svarstad Haugland. <p/> FOTO: SCANPIX