– At ein rapport frå ein så viktig fagetat skal haldast unna offentlegheita er uakseptabelt, seier stortingsrepresentant Arne Sortevik (Frp).

Kystverket har utarbeidd ei samla vurdering av statens beredskapsmateriell for oljevern. Store delar av statens oljevernutstyr bør skiftast ut i løpet av dei neste åra, på grunn av konstruksjonsmessige svakheter, elde og slitasje. I følgje Kystverket trengst investeringar på over 260 millionar kroner innan 2010.

«Dersom ikkje investeringane blir auka vesentleg, vil utstyrsmengda på sikt vere for liten i forhold til risikoen for miljøskade og utstyret på depota vil ikkje kunne byttast ut med nytt når utslite utstyr blir teke ut av bruk», skriv Kystverket i sin rapport.

Allereie i 2005 var avviket mellom anbefalt beredskapsnivå og faktisk nivå stort. Med dagens løyvingar forventar Kystverket at avviket berre vil auke i åra framover.

Kritikk frå fleire kantar

– Regjeringa var kjent med Kystverket si vurdering for eit år sidan, men valde likevel å leggje løyvingane på eit nivå som gjer at oljeberedskapen er svekkja, hevdar Sortevik.

Han meiner dette er grov ansvarssvikt frå regjeringa si side.

– Etter Sleipner-forliset såg vi kor viktig det er å ha nok utstyr, og riktig utstyr. Då held det ikkje med puslete løyvingar på åtte millionar i året, seier Sortevik.

Frp vil på bakgrunn av rapporten krevje at regjeringa legg fram ei melding der dei presenterer konkrete tiltak for å sikre beredskapen langs kysten.

Kritikken mot Fiskeri— og kystdepartementet kjem frå fleire kantar.

– Mange i det politiske miljøet hadde forventningar til at ting skulle skje på beredskapsområdet. Då er det kritikkverdig at departementet held tilbake slike rapportar, seier Jan-Hugo Holsen i Miljøvernforbundet.

Han meiner rapporten i seg sjølv har avgrensa verdi, sidan tala går fleire år tilbake, og byggjer på ein beredskap som også då var for lav.

– Risikovurderingane bak slike rapportar er som regel små i forhold til dei ulukkene som kan hende langs kysten, meiner Holsen.

Nei til Fedje

Tidlegare i år bestemte regjeringa seg for å nyetablere oljeverndepotet på Fedje, ei avgjersle som gjekk i mot Kystverket sine anbefalingar i rapporten frå 2006.

Statssekretær Kari-Anne Opsal i Fiskeri- og kystdepartementet lovar at depotet skal vere på plass i løpet av året, men kan ikkje gje noko konkret dato.

– De overprøvde Kystverket i depotsaka. Er det andre element i kystberedskapen som Kystverket og departementet er ueinige i?

– Underliggjande etatar har som oppgåve å kome med oppspel til departementet, og regjeringa tek avgjersler på bakgrunn av desse innspela. Men regjeringa kan kome til andre vurderingar, på bakgrunn av etterfølgjande forhold og politiske vurderingar, seier Opsal.

– Også løyvingane for 2007 var langt under det som i rapporten vart etterlyst av Kystverket?

– Regjeringa gjorde vurderingane ut frå risikobiletet. Vi har også kome med ekstraløyvingar i etterkant, mellom anna til nyetableringa på Fedje og midlar til opplæring av beredskapspersonell.

Bergens Tidende