• Det første av dei fire kystvaktfartøya vil få montert ny radar med tilfredsstillande kapasitet ved årsskiftet 2005/2006. Då vil helikoptera kunne nyttast fullt ut.

Dette seier sjefen for Kystvakta, flaggkommandør Geir Osen, til Bergens Tidende. Han legg til at han ser dette som «lys i tunnelen» for Kystvakta.

Riksrevisjonen slakta feilinvesteringa i nytt radarutstyr i ein ny rapport denne veka.

Årsaka til feilinvesteringa i radar, var mangelfull kompetanse ved det tidlegare Sjøforsvarets Forsyningskommando, SFK, ved Haakonsvern. SFK er i dag ein del av Forsvarets Logistikkorganisasjon, FLO. Det var SFK som valde ut og stod for innkjøpet av radaren.

Kostar åtte gongar meir

Dei nye radarane vil koste åtte gongar meir enn dei radarane som vart innkjøpt og installert i 2001-2002. Samla prislapp for dei nye radarane blir 230 millionar kroner, ifølgje Osen.

Investeringa som vart gjort i 2001, sette Kystvakta langt tilbake i forhold til situasjonen før dei nye radarane vart montert.

— Med det systemet vi fekk i 2001, kunne vi ikkje operere helikoptera i mørke og dårleg sikt slik vi kunne med det gamle systemet. Vi fekk sterke avgrensingar i operative eigenskapar. Vi kan i utgangspunkt ikkje fly på natt og i dårleg sikt, men står det om liv, vil pilot og skipssjef vurdere om ein likevel kan ta av. Det vil avhenge av verforhold og kor langt ein er frå land, seier Osen.

Han legg til at det er eit stort problem at ein ikkje får trene under slike forhold og at ein difor har fått redusert kompetanse til å operere under vanskelege forhold.

Frå før 1980

I dag har Kystvakta ein av dei gamla radarane frå først på 1980-talet stadig i drift om bord på eit av kystvaktskipa. Det fungerer tilfredsstillande og etter føresetnadene.

Behovet for utskifting kom då den gamle radaren gjekk ut av produksjon og det ikkje vart råd å skaffe reservedelar.

Kommandørkaptein Kristian Demmo ved Haakonsvern vedgår at det ikkje vart gjort ein grundig nok jobb ved vurderinga før innkjøpet i 2001.

— Den radaren vi ynskte å kjøpe, var ein annan enn den som vart valt. Vi måtte gå ned i pris på grunn av kostnadsramma for heile kystvaktprosjektet. I ettertid viste det seg at kapasiteten var for dårleg og at vurderingane ikkje hadde vore grundige nok, seier Demmo.

Han meiner at det er ei mistyding at radaren som vart innkjøpt ikkje kunne nyttast i mørke. Han framhevar at radaren opererer uavhengig av mørke eller lys. Derimot har han redusert kapasitet under dårlege verforhold.