SENKA: Både DS «Austri» (biletet) og søsterskipet «Vestri» blei angripne av allierte fly under krigen, med i alt 22 drepte norske sivile som resultat. «Austri» blei ­pepra med rakettar og mitraljøsar frå 13 fly i tre omgangar. Foto: Royal Air Force
Innenriks

Kystruta skoten i senk av sine eigne

I dag er det 70 år sidan kystruteskipet «Austri» vart senka av engelske bombefly. Åtaket skapte isfront mellom nordmenn og allierte i kampen mot nazi-okkupantane.

21.februar 1945 klokka 9.32: Arthur H. Simmonds (27) sit ved spakane i eitt av 15 britiske Mosquito-fly som nett har passert Siggjo og Bømlo etter halvannan time i lufta frå Banff i Skottland. 12 Mustang-fly ­følgjer som eskorte. Flystyrken er tungt væpna med rakettar og automatvåpen, på jakt etter skip i tysk teneste — og for ein gongs skuld utan følgje av norske fly, såkalla outriders eller stifinnarar.

Fråveret av norske rekognoseringsfly skal visa seg å bli fatalt for mannskap og passasjerar om bord i kystruteskipet DS «Austri».

Dampskipet krusar inn Bømlafjorden på veg mot Leirvik på Stord, og er no rett under flyformasjonen. Om bord i «Austri» er det rundt 130 menneske; eit mannskap på 21, 42 norske passasjerar, om lag 50 tyske soldatar og 16 russiske og polske kvinner i tysk fangenskap.

Jeg ante ingen ting om flyene og den overhengende fare, før det med ett ble en sterk ­eksplosjon og jeg fikk et støt i ryggen.

Passasjer Olav Larsen

Det uvæpna skipet går i rute Stavanger - Bergen for Stavangerske, og har forskrifts­messige nasjonalitetsmerke på sida og styrehustaket.

Det er overskya og god sikt, og ingen andre fartøy i nær­leiken, fortel 2. styrmann Magnus Mikkelsen i sjøforklaringa etterpå.

«Junior» Simmonds er strike leader , leiar for angrepsstyrken denne dagen. Knapt tre veker tidlegare er Wing commander Simmonds tildelt æresutmerkinga DFC ( Distinguished Flying Cross) for heltemodig flyinnsats mot tyskarane på Kontinentet.

Over Bømlafjorden ser Simmonds mellom skyene ned på dampbåten under seg, vurderer den til å vera rundt 500 tonn - «Austri» er på 491 bruttotonn - på nordleg kurs. Simmonds kjenner godt til retningslinene - avtalt mellom den norske eksilregjeringa og dei allierte - som seier at skip under 1500 tonn som ikkje går i konvoi skal sparast. Men han meiner skipet er i tysk teneste, og ser dessutan andre skip i farvatnet.

«Attack!»

Mosquitoane går fort, og i løpet av sekundar må Simmonds ta avgjerda. Og så klokka 9.34 lyder det ei klar «Attack!»-melding over radiosambandet. Tre fly bryt ut av formasjonen, dukkar ned og fyrer av rakettar og mitraljøsar mot «Austri», og eitt kjem tilbake i eit nytt angrep. Rakettar som går tvers gjennom begge skipssidene både over og under vasslina lyder som kraftige dunk.

Rutebåten er like utanfor Eldøyane ved verftet på Stord. På brua beordrar kystlos Anton Rebnor stopp i maskinen straks flya blir oppdaga.

Bildevisning

       GAV ORDREN: I løpet av sekundar tok pilot og angrepsleiar Arthur «Junior» Simmonds avgjerda som brått gjorde kystrute­skipet «Austri» til mål for eit ­massivt alliert flyåtak.foto Frå Roy C. Nesbilts bok «The Strike Wings»
GAV ORDREN: I løpet av sekundar tok pilot og angrepsleiar Arthur «Junior» Simmonds avgjerda som brått gjorde kystrute­skipet «Austri» til mål for eit ­massivt alliert flyåtak.foto Frå Roy C. Nesbilts bok «The Strike Wings»

To minutt etter ser «Junior» Simmonds større fartøy som ligg til kai ved verftet på Stord, med eit mindre skip på sida. No er det lasteskipet «Ibis», selfangstskuta «Sundmøringen» og Fylkesbaatane sin DS «Gula» som får føla slagstyrken til dei raske Mosquito-ane. 12 fly pøser ut skot og rakettar. «Gula» var til reparasjon ved verftet etter eit alliert flyangrep i Gulen 14.november, der to om bord omkom. No går rutebåten under, men mannskap og verftsarbeidarar bergar seg.

Kaptein drepen ved livbåt

Så vender ni av Mosquitoane seg mot skadeskotne «Austri» på ny og sender av garde mengder av granatar og skot. Skrog, overbygningar og livbåtar på «Austri» blir gjennomhola. Skipet brenn, tek inn vatn og krengjer mot styrbord. Om bord er det eit kaos av døde, mannskap og passasjerar, røyk og damp og overlevande som prøver å berga seg. Kaptein Adolf Christiansen blir drept av ei kule mot hovudet idet han skal setja ut ein livbåt.

Passasjer Otto Horneland trør i eit hol i hovuddekk og ser flammar og røyk i maskin­rommet. Han er på veg heim til Stord frå friarferd i Haugesund, og greier å koma i dekning oppe på dekk.

Ingen tyske fly er observert, berre spede skyts frå tyske luftvernstillingar på land yter engelskmennene motstand.

Operasjonen er over på få minutt. Etter eit kvarter går «Austri» under og krasjar mot botnen 340 meter nede. I overflata kavar folk blant lik og vrakrestar. Før havaristen kapseisar kjem rutebåten MK «Aakrafjord» til og får henta 45 overlevande opp av sjøen. Lokale småbåtar og ein tysk vaktbåt med norsk Røde Kors-personell kjem også til området og får frakta skadde til Leirvik.

«Jeg ante ingen ting om flyene og den overhengende fare, før det med ett ble en sterk eksplosjon og jeg fikk et støt i ryggen som slengte meg bortover golvet i gangen», fortel passasjer Olav Larsen til Bergens Tidende. Sjømannen frå Bergen har vore med på to krigsforlis tidlegare, no famlar han seg opp på dekk og ser angrepsfly så tett innpå skipet at «vi kjente det sterke luftdraget fra propellene.»

Også Otto Horneland og ­kameraten Bjarne Kannelønning blir berga av «Aakrafjord», etter at dei venta så lenge dei kunne med å hoppa frå havaristen.

Krev 40 menneskeliv

Bombardementet av «Austri» krev livet til rundt 40 menneske: ni norske mannskap, ni norske passasjerar, eit ukjent tal tyske soldatar og 14 kvinnelege fangar frå Polen og Russland som på turen frå Haugesund er innelåste i ein lugar.

Blant passasjerane som misser livet er også lagdommar Gerhard Vilhelm Jynge og rettsskrivar Oscar Irgens, som begge er på veg heim til Bergen frå rettssak i Rogaland.

Åtaket i Bømlafjorden blir omtalt som ei av dei store katastrofane som rammar norsk sivil skipsfart under andre verds­krigen.

Banff klokka 11.34 samme dag: Alle flya i 235-skvadronen kjem uskadde tilbake frå raidet i Sunnhordland. «Junior» Simmonds noterer i loggboka: «Som ei følgje av angrepa såg vi fartøyet brenna voldsomt, krengjande mot styrbord. Flymannskapa rapporterte at det blei sett at ein livbåt blei låra, festa blei kutta under angrepet og båten fall i sjøen.» namnet på skipet var «Austri», tidlegare «Norge»-passasjerskip no under tysk kontroll.»

Straks resultatet av åtaket i Bømlafjorden blir kjent, oppstår det ei dårleg stemning blant ­flygarane på Banff-basen nord for Aberdeen. Venskapen mellom dei norske pilotane i 333-­skvadronen og kameratane i dei britiske, kanadiske, australske og newzealandske skvadronane blir sett på ein hard prøve.

Nok ein gong er eit norsk sivilt passasjerskip senka av dei allierte, og det berre nokre sjømil frå eit tilsvarande åtak på DS «Fusa» i Korsfjorden vel ein månad tidlegare, der sju nordmenn omkom.

Ømtåleg tema

For dei allierte er det eit overordna mål å stoppa den livsviktige transporten av råvarer og materiell langs norskekysten til det tyske krigsapparatet. Det er også grunnen til at RAF Coastal Command etablerer flybasar i Nord-Skottland.

Men kva som skulle vera angrepsmål langs norskekysten er eit ømtåleg tema mellom norske styresmakter og våre allierte, og reglane endrar seg i løpet av krigen. I august 1940 ber nordmennene om at skip i sivil kystfart under visse vilkår ikkje må senkast.

Royal Air Force (RAF) får instruks om at britiske flygarar ikkje skal ta mindre sivile båtar som seglar åleine innanskjers, slik som fiskefartøy og lokalbåtar under 500 tonn. Hausten 1943 innskjerpar britiske Coastal Command overfor skvadronane som opererer langs norskekysten at skip under 1500 tonn som ikkje går i eksorte skal skjermast, så sant dei ikkje skyt mot flya.

Trass desse norske opp­fordringane og regelpresiseringane skjer det ei rekkje allierte senkingar av sivile norske skip i innanriksfart. Totalt misser 635 norske sjøfolk og rundt 450 passasjerar i innanriksfart livet — dei fleste som følgje av allierte åtak.

Bildevisning

       NESTEN I HAMN: Karen Lilly Waage Larsen var komen opp på dekk for å gjera seg klar til å helsa slekta og starta eit nytt liv på Stord då «Austri» blei angripen. 23-åringen gjekk ned med skipet.
NESTEN I HAMN: Karen Lilly Waage Larsen var komen opp på dekk for å gjera seg klar til å helsa slekta og starta eit nytt liv på Stord då «Austri» blei angripen. 23-åringen gjekk ned med skipet.

På Vestlandet kjem desse rutebåtane under eld frå allierte fly: MS «Vindafjord» i Skudefjorden 28.november 1941 (35 omkomne), DS «Vestri» (søsterskip til «Austri») utanfor Jæren 4.desember 1941 (4 omkomne), hurtigruteskipet «Sanct Svithun» ved Stad 30.september 1943 (44 norske omkomne), DS «Framnæs» i Bremanger 8.november 1944 (5 omkomne), DS «Gula» i Gulen 14.november 1944 (2 omkomne), DS «Havda» ved Askvoll 9.desember 1944 (6 omkomne), DS «Fusa» i Korsfjorden 8.januar 1945 (7 omkomne) og DS «Austri» ved Stord 21.februar 1945 (18 ­norske omkomne).

Karen kom aldri i land

Karen Larsen (23) var nesten ved reisemålet der ho skulle opna ny butikk då rutebåten «Austri» blei bombardert i senk.

- Me gledde oss veldig til at ho skulle koma også denne gongen, og visste at ho var om bord i «Austri», fortel Sigrid Kattetveit (83).

21.februar 1945 var 13-årige Sigrid på Leirvik skule då flyalarmen gjekk atter ein gong over Stord.

Hattebutikk

På denne skulen hadde Karen Lilly Waage Larsen — Sigrid sitt søskenbarn - gått nokre år før ho flytta til Haugesund med familien. No var Karen om bord i «Austri», på veg til Stord for å slå seg ned på Leirvik med eigen hattebutikk. I Haugesund hadde ho gjennomført handelsskule og gått i modist-lære i klesforretningen til Moritz Rabinowitz, jøden som tyskarane sende i døden i Sachsenhausen.

- Karen var flink til å teikna, og ho sydde alle kleda sine sjølv. Den gong brukte nesten alle hatt, og ho laga hattar til slekt og venner, seier Sigrid Kattetveit.

- Ho var ti år eldre enn meg, og blei som ei storesøster for meg då ho budde på Leirvik.

Bildevisning

       MINNE: Sigrid Kattetveit (83) mista søskenbarnet Karen Larsen då rutebåten DS «Austri» blei senka 21.februar 1945.
MINNE: Sigrid Kattetveit (83) mista søskenbarnet Karen Larsen då rutebåten DS «Austri» blei senka 21.februar 1945.
ODD E. NERBØ

Kvitt handkle

«Austri» var eit kvarters gange frå Leirvik då dei britiske flya kom inn Bømlafjorden. Karen var oppe på dekk saman med fleire andre passasjerar. Ho gjekk ned i båten for å henta alt utstyret sitt, innstilt på å stå ved rekkja for å vinka til bestemora på Leirvik idet båten hadde runda Sponaholmen.

Bestemora budde i sjø­kanten på Leirvik, og hadde for vane å veifta Karen velkomen med eit kvitt handkle når ho kom med båten.

- Dei som overlevde fortalde at dei snakka med Karen på dekk, og at ho truleg blei skolda av den gloheite fyrkjelen i kaoset som oppstod då «Austri» blei skoten på, seier Sigrid Kattetveit. Karen Larsen gjekk ned med skipet, og blei aldri funnen.

Kjelder: Halvor Sperbund. «Brennpunkt Westküste», 2004, Sjøforklaring Stavanger byrett 5/5 1945, Otto H. Næsgård Andersen: «Hurtigruten 1940-1945», 2013, Andrew D. Bird: «A Separate Little War», 2008, Roy Conyers Nesbit: «Torpedo Airmen», 1983, Loggbok, RAF 235 skvadron, Banff (National Archives), Det Stavangerske Dampskibsselskab, Sogn og Fjordane fylkesarkiv.

Bildevisning

       karen austri 4.jpg
karen austri 4.jpg
widget-list