Løyvet gjeld for 10 år frå 1. januar 2004. Dette betyr at det godt innarbeidde tilbodet til Kystbussen får konkurranse.

— Vi planlegg å starta med to avgangar kvar dag frå Bergen og Stavanger, men vi har enno ikkje avgjort når vi kjem i gang, seier driftsleiar Stig Mjøs i Royal Turbuss til Bergens Tidende.

Mjøs opplyser at Royal Turbuss har drive turkøyring sidan 1997. Selskapet har sju bussar av høg standard, opplyser han.

— Vil de køyra billegare enn Kystbussen?

— Vi vil sjølvsagt freista å konkurrera på pris.

— Men reisetida er det vel ikkje stort å gjera med?

— Vi køyrer ikkje inn til Haugesund, slik Kystbussen gjer. I staden korresponderer vi med ein buss i Aksdal. Dermed når vi ei ferje tidlegare over Boknafjorden.

Kystbussen vert driven av Gaia Trafikk, HSD, Haugaland Billag og Connex i Stavanger. Administrerande direktør i Gaia, Arne Buanes, minner om at andre har prøvd å konkurrera tidlegare, utan at vi har høyrt noko meir frå dei.

— Vi tek i mot konkurransen med eit ope sinn og er budde på prispress, seier Buanes.

Kystbussen har lenge hatt avgangar kvar 2. time både frå Bergen og Stavanger, men midt i november innførte selskapet 1. times avgangar på dei viktigaste rutene. Kystbussen fraktar rundt rekna 30,000 passasjerar kvar månad på ruta mellom Bergen og Stavanger.