Null kroner. Det er status for vedlikehaldsbudsjettet til det kyrkjelege fellesrådet i Bømlo kommune. Fellesrådet har ansvar for fire kyrkjer. I to av dei var det inntil nyleg taklekkasjar. Desse er no utbetra, men for å dekka kostnadene måtte kyrkjeverje Arne Salmelid henta pengar frå andre budsjettpostar.

— Tradisjonelt har kyrkjebygga og kyrkjegardane i Bømlo vore godt stelte. Og vi har møtt stor forståing hjå lokalpolitikarane for det vi held på med. Dei siste åra har vi likevel merka at det er blitt fleire om kronene, og at kommuneøkonomien ikkje er som den ein gong var, fortel Arne Salmelid. I tillegg til takstein som frå tid til annan bles av kyrkjetaka, har han ei utfordring i å finna pengar til å få bukt med sopproblem i Moster kyrkje og få på plass nye benker og elektrisk anlegg i Lykling kyrkje.

— I Moster kyrkje, som er frå 1879, er det tvingande nødvendig å få gjort noko. Soppskadane i kjellaren utgjer ein helserisiko. Men arbeidet kostar ein million kroner, så vi er avhengige av ekstramidlar frå kommunen for å få gjort jobben, påpeikar kyrkjeverja.

Alle kyrkjene må utbetrast

Det er ikkje berre i Bømlo kyrkjeverja fortvilar. Av dei 30 fellesråda Bergens Tidende har vore i kontakt med, opplyser 20 at dei ikkje har nok midlar til vedlikehald. Mange av bygga det er snakk om, er mellom 100 og 200 år gamle. Men det finst og kyrkjer som vart reiste for 800-900 år sidan.

I Eid kommune er det fire kyrkjer, og alle burde vore sett i betre stand, ifølgje fellesrådet. Det finst ikkje overslag over kor mykje dette vil kosta, men berre på Eid kyrkje vert det rekna med at ein må ut med fem til sju millionar kroner. Då kjem ein ikkje langt med eit totalt vedlikehaldsbudsjett på halvannan million kroner for inneverande år.

Angripe av mit

På Osterøy er det påvist mitskader i fire av totalt fem kyrkjer. Og alle treng måling, tre utvendig og to innvendig.

— Mitskadene åleine vil kosta oss bortimot ein halv million kroner å få utbetra. Kor mykje vi må ut med for å få malt, har vi ikkje oversikt over, fortel kyrkjeverje Helge Kolstad. Han har 70.000 kroner til vedlikehald på årets budsjett.

Planlegg nye kyrkjer

I Etne er det seks kyrkjer, og alle vert av kyrkjeverje Harald Sirnes opplyst å vera i relativt dårleg stand. Han fortel om ròte- og fuktproblem, lause taksteinar og lekkasjar.

— I tillegg er det behov for å oppgradera sanitæranlegga, lys- og varmetilhøva er dårlege og benkene vonde å sitja på. Ingen av kyrkjene har brannalarm, og tryggleiken for publikum er generelt altfor dårleg. Vi er under eit visst press frå brannvesenet, men kjem samstundes i konflikt med Riksantikvaren, som helst ikkje vil ha forandra på noko i dei gamle bygga.

Etne er elles ein av tre kommunar Bergens Tidende har vore i kontakt med som har ny kyrkje på teiknebrettet.

— Vi har laga ei skisse. Etne Arbeidskyrkje er eit samarbeid med Enge bedehus, der bedehuset er tenkt som ein del av kyrkja. Men vi er svært tidleg i prosessen, og har førebels ikkje klart for oss korleis vi skal klara å finansiera prosjektet, fortel Harald Sirnes. Han legg til at omgrepet arbeidskyrkje inneber ei kyrkje med fleire rom enn tradisjonelt og dermed høve til fleire aktivitetar.

— Ny kyrkje er ein konsekvens av at det ikkje er mogeleg - eller ønskjeleg - å gjera dei gamle, små kyrkjene funksjonelle, seier kyrkjeverja.

Også i Sogndal er det ønskje om bygging av ny kyrkje - på Kaupanger. Men til liks med Etne er ein svært tidleg i planleggingsprosessen.

I Lindås er det planlagt ny kyrkje i Knarvik.

Kva meiner du bør gjerast for å ta vare på kyrkjene? Legg inn dine kommentarar under!

Høvik, Tor